Al Khor | |||
Jazirat bin Ghanim | |||
øy | |||
Vegetasjon på Al Khor
| |||
Land | Qatar | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 25°41′34″N 51°32′56″E / 25.69278°N 51.54889°E | ||
Al Khor-øya 25°41′34″N 51°32′56″E / 25.6928°N 51.5489°E | |||
|
Al Khor, òg kalla Jazirat bin Ghanim, er ei øy og ein arkeologisk funnstad utafor nordaustkysten av Qatar. Det er den einaste staden i landet der det er gjort arkeologiske funn som går heilt attende til det andre tusenåret fvt. Øya har vore busett i fire hovudperiodar, datert så tidleg som kring 2000 fvt. til så seint som 1900-talet. Øya er mest kjend for drifta av ein kassittisk-kontrollert purpurfargeindustri på 1000-talet fvt.
Ein har ikkje funne avgjerande spor på at øya var busett i yngre steinalder. Ein har derimot oppdaga fleire steinalderleirar og potteskar frå Ubaid kring 6 km aust for øya. Ein har gjetta på at øya vart vitja av desse steinaldermenneska.
Keramikk frå Dilmun-sivilisasjonen indikerer at øya var nytt til den Bahrain-baserte sivilisasjonen frå kring 2000 til 1750 fvt. Keramikk datert til tidleg i Dilmun-tida består hovudsakleg av mellomstore krukker og kokekar. Ein kan ha oppretta busetnader i Dilmun-tida for reisande mellom Bahrain og dei nærmaste, viktigare busetnadane i Persiabukta, Tell Abraq. Eit anna forslag går ut på at vitjande fiskarar eller perledykkarar hadde leir på øya. Funn av keramikk i området indikerer òg at det kan ha vore handel mellom innbyggjarane på Al Khor og Dilmun-sivilisasjonen, men dette er usannsynleg fordi det var få innbyggjarar i Qatar på denne tida.
Kassitane dreiv ein purpurfargeindustri på øya frå kring 1400 til 1100 fvt. Det var òg handelssamband mellom innbyggjarane i Qatar og kassittane. Ein har funne kring tre millionar knuste snigleskal og kassittiske potteskar. Det er påstått at øya er den tidlegaste kjende staden for denne typen purpurfargeproduksjon. Fargen kom frå sniglen Murex og fekk namnet «tyrisk fiolett». Den raudbrune fargen i det qatarske flagget vart dels vald på grunn av purpurfargeindustrien på denne øya.
Ein har funne lekamar frå seint i sasanidetida, frå kring 400 til 600.
Al Khor var busett i sein islamsk tid, frå kring 1700 til 1900.
Mission Archéologique Français à Qatar, ein fransk team leia av Jacques Tixier, gjorde dei arkeologiske funna her i 1976.