Brigitte Bardot

Brigitte Bardot

Fødd28. september 1934 (89 år)
FødestadParis, 15. arrondissement
FødenamnBrigitte Anne-Marie Bardot
OpphavFrankrike
Aktiv1952–1982
Instrumentvokal
PlateselskapMGM Records, Philips Records, Fontana, Barclay, Disc'AZ
Verka somsongar, sjølvbiograf, filmskodespelar, dyrerettsforkjempar, plateartist, dansar, fotomodell, skribent, menneskerettsaktivist, offentlig person, skodespelar
MorAnne-Marie Muscel
FarLouis Bardot
Gift medRoger Vadim, Jacques Charrier, Gunter Sachs, Bernard d'Ormale
Sambuar medGilbert Bécaud, Serge Gainsbourg
BornNicolas-Jacques Charrier
PrisarBambi-prisen, Den gylne arks orden, Prix des intellectuels indépendants, Æreslegionen, David di Donatello-prisen for beste utenlandske kvinnelige skuespiller

Brigitte Anne-Marie Bardot (fødd 28. september 1934) er ein fransk dyrevernaktivist og tidlegare skodespelar, songar og mannekeng. Ho er særleg kjend frå si tid som filmskodespelar og erotisk ikon på 1950- og 1960-talet.

Liv og gjerning

Bardot er fødd i Paris, der faren, som var ingeniør, arbeidde i eit familiefirma. Ho byrja å ta oppdrag som mannekeng då ho var 15 år gammal, bilete av henne vart allereie då publisert i det franske motemagasinet Elle.

Skodespelar

Bardot debuterte som skodespelar i 1952 i filmen Le Trou normand. Same året spela ho i ytterlegare to filmar, og gifta seg med filmmakaren Roger Vadim. Ekteskapet varte i fem år. I 1953 spela Bardot i sin første USA-amerikanske film, Un acte d’amour, der Kirk Douglas var motspelaren hennar.

Brigitte Bardot i 1968.

BB, som ho snart vart kalla, var ein av dei mest eksponerte filmskodespelarane i 1950- og 1960-åra. Hennar internasjonale gjennombrot kom i 1956 med Vadims fyrste film; Gud skapte kvinna (fransk tittel Et Dieu créa la femme). Filmen, som hadde stor suksess også i Nord-Amerika, vakte ein del oppstyr og forarging, og la grunnlaget for den mytiske Brigitte Bardot. Gjennom filmar som Sanninga (1960), Forakta (1963) og Viva Maria (1965) vart ho også filmhistorisk.

År 1959 gifta den gravide Bardot seg med skodespelaren Jacques Charrier, og sonen Nicolas Charrier kom til verda. Guten voks opp hos besteforeldra og har i mange år budd i Noreg, der han er gift. I 1965 spela ho seg sjølv i den USA-amerikanske filmen Dear Brigitte, mot James Stewart. 39 år gammal trekte ho seg tilbake som skodespelar etter filmen L'Historie très bonne et très joyeuse de Colinot trousse-chemise.

Chistina Motta:Statue av Brigitte Bardot i Rio de Janeiro i 1999.

Songar

Ei ti års tid frå 1962 song og spela Brigitte Bardot inn viser og pop-songar. Låten «Harley Davidson» frå 1967 er hennar mest kjende song. Same året song ho inn Serge Gainsbourg sin mest berømte song; «Je t’aime … moi non plus», men versjonen vart ikkje gjeven ut før fleire tiår seinare. I staden var det Jane Birkin som fekk presentere den grensesprengande låten.

Dyrevernar

I 1968 oppnådde forfattaren Marguerite Yourcenar, gjennom eit privatbrev til Bardot, å vinne henne for ein kampanje mot seljakt i Canada. Året etter stilte elles Bardot halvnaken opp i ein annonsekampanje for minkpelsar, men dette skulle ikkje kome til å påverke hennar rolle som dyrevernaktivist. Frå 1970-talet har Bardot vore aktiv i arbeidet for dyrevern, og grunnla etter ei tid ei stifting som har namn etter henne.

Etter ho hadde forlate filmbransjen i 1973, stod Bardot fram som ein prominent dyrevernar. Særleg framskoten plass fekk ho i demonstrasjonane mot metodane og omfanget av den kanadiske selfangsten. Under ein demonstrasjon i Paris brende ho pelsar og ho let set avbilde med ein ungsel i isen utanfor Canada. For miljøvernorganisasjonen Sea Shepherd har ho vore ein viktig støttespelar, og i mai 2011 vart ein av båtane til organisasjonen, for å heidre henne, omdøypt til «Brigitte Bardot».

Politisk aktivist

Bardot er busett i Sør-Frankrike og har dei seinare år fått merksemd for sin motstand mot islam, innvandring og homoseksuelle. Fleire gongar har ho måtta møtt i retten, skulda for å ha oppmoda til rasehat. I 1997 vart ho frikjend i ei sak, men både både i 2000 og 2004 vart ho bøtelagt for ytringar, bøtene var på høvesvis 3000 francs og 5000 euro. Siste gongen vart ho dømd for ytringar vedkomande islamske slaktemetodar.

Bardot i 2002.

Biografen Chantal Nadeau har hevda, med basis i Bardot sin språkbruk i innvandringssaker og i spørsmål om seljakt, at den tidlegare filmstjerna har eit grunnleggjande konservativt og reaksjonært verdssyn. Sidan 1990-åra har Bardot stått nær høgrepartiet Front National i mange politiske saker.

I 2003 gav Bardot ut boka Un cri dans le silence. Forlaget Éditions du Rocher medverka til at boka vart den mest suksessrike franske boka i året 2004. Bardot har elles kritisert matvanane til franskmenn og snøggmat, moderne kunst og stein-arkitektur; og har sverma for eit «Frankrike frå dengongen» med «menneskelege dimensjonar».

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Brigitte Bardot