Den økonomiske og monetære unionen (ØMU) eller EU sin pengeunion (engelsk Economic and Monetary Union (EMU)) er ein myntunion danna av Den europeiske unionen (EU). Han har som mål å innføre ein felles valuta, euroen, hos alle medlemslanda, styrt gjennom ein felles pengepolitikk gjennom Den europeiske sentralbanken (ESB). Unionsprogrammet består av tre fasar; tredje fase omhandlar adopsjon av euroen som den nye mynteininga i landet. Femten av medlemslanda har gått inn i den tredje fasen og gått bort frå den tidlegare valutaen; berre Sverige, Danmark og Storbritannia står att. Sverige og Storbritannia har inflasjonsmål og flytande valutakursar, og har dermed styring over heimleg pengepolitikk gjennom sentralbankane i landet, medan Danmark har fast valutakurs mot euroen og har dermed i praksis sett ut pengepolitikken til den europeiske sentralbanken.