Karen von Blixen-Finecke | |
Karen Blixen i prat med Igor Stravinskij (t.v.) på København rådhus i 1957. Foto: Ove von Spaeth
| |
Pseudonym | Isak Dinesen, Pierre Andrézel |
Nasjonalitet | Dansk |
Statsborgarskap | Danmark |
Fødd | 17. april 1885 Rungstedlund på Sjælland i Danmark |
Død |
7. september 1962 (77 år) |
Yrke | Forfattar |
Sjanger | Nyromantikk og gotisk roman |
Medlem av | Bayerische Akademie der Schönen Künste |
Far | Wilhelm Dinesen |
Mor | Ingeborg Dinesen |
Karen Blixen på Commons |
Karen Christence Blixen (fødd Karen Christence Dinesen (17. april 1885–7. september 1962) var ein dansk forfattar. Ho vart fødd i Rungstedlund i Danmark, og døydde same staden. Ho nytta pseudonyma Isak Dinesen og Pierre Andrezel. Ho var dotter av forfattaren kaptein Wilhelm Dinesen.
I 1914 blei Karen Dinesen gift med syskenbarnet sitt, friherre og baron Bror Frederik von Blixen-Finecke.
Ho var frå 1914 til 1931 busett i Aust-Afrika, der ho eigde og dreiv ein kaffiplantasje i Kenya.
Ho skreiv både på dansk og engelsk.
Filmen Out of Africa frå 1985 byggjer på boka Min afrikanske farm.
Asteroida 3318 Blixen er oppkalla etter henne.