Leopard 2

Leopard 2A4
Leopard-2A4 i Austerrike

Leopard 2 er ei tysk stridsvogn med 120 mm kanon, produsert av Krauss-Maffei Wegmann (KMW) i München og Maschinenbau Kiel (MAK) i Kiel i Tyskland. Ho er etterfølgjaren til Leopard 1.

I Noreg

Leopard 2A4

Det norske kavaleriet opererte i 2005 52 Leopard 2A4 kjøpt inn brukt frå Nederland. Dei norske vognene er utstyrte med maskingeværet FN MAG som sekundervæpning. Vogna vart produsert mellom 1985 og 1992, med forbetringar på eldleiiing og brannslokking. Eit betre pansra tårn med titan- og wolfram-legeringar kom òg på denne modellen, som vart teken i utstrekt bruk. Det er denne vogna som Noreg nyttar framleis. Prosjektoffiser for stridsvognsanskaffelsen ved Hærens våpenskole i Norge, Christoffer Westermoen, har sagt at Leopard-2A4 er underlegen den aktuelle russiske T-72B3 i rekkevidde, eldkraft, sensorar og vern.

Andre modellar

Leopard 2A5
Med vektsparande holt panser for å verka mot hólladning, betre siktemiddel og større utval ammunisjon for kanonen. Har ein 120 mm L44 glattbora kanon produsert av Rheinmetall GmbH.
Leopard 2A6
Ny 120 mm L55 glattbora kanon produsert av Rheinmetall GmbH.
Leopard 2A7 og 2A7+
Er godkjende av Bundeswehr med betre panser, men framleis under testing.

Kjelder

Referansar

  1. «Fakta om Forsvaret». Forsvarsnett. Arkivert frå originalen 30. juni 2007. 
  2. Kjetil Stormark (25. september 2018). «Norske stridsvogner kanonføde for Russland». aldrimer.no. Henta 27. september 2018. «Prosjektoffiser for stridsvognsanskaffelsen ved Hærens våpenskole sier nå klart fra. Han reagerer sterkt på regjeringens prioriteringer. Stridsvognen T-72 kommer i en versjon som heter T-72B3. Den er overlegen i rekkevidde, ildkraft, sensorer, beskyttelse og antall. Norges nåværende stridsvogner, de tyskproduserte Leopard 2A4, er snart 40 år gamle.»