Mesosfæren

Laga i atmosfæren.

Mesosfæren er eit lag i jordatmosfæren som ligg mellom stratosfæren og termosfæren i nivået 50 til om lag 80-85 km over jordoverflata. I dette laget minkar temperaturen med høgda. Den viktigaste dynamiske prosessen i dette området er gravitasjonsbølgjer, som kjem av momentum som forplantar seg oppover frå den lågare atmosfæren til den lågare termosfæren.

Fordi mesosfæren er over den maksimale høgda dei fleste flytypar kan nå, og under høgda dei fleste romfartøy opererer i, kan ein vanlegvis berre nå dette området med hjelp av forskingsrakettar (t.d. slike ein sender opp frå Andøya). Derfor er dette eit nivå av atmosfæren ein veit lite om.

Temperaturen i den øvre mesosfæren kan bli så låg som -73 °C, avhengig av breiddegrad og årstid. Millionar av meteorar brenn opp dagleg i mesosfæren fordi dei kolliderer med gasspartiklane som finst her. Dette gjer at det er ein høg konsentrasjon av jern og andre metall i mesosfæren. Kollisjonane genererer nesten alltid nok varme til at fallande lekamar brenn opp lenge før dei når jordoverflata.

Stratosfæren og mesosfæren blir kalla den midtre atmosfæren. Mesopausen ligg i ei høgd rundt 80-85 km, og markerer grensa mellom mesosfæren og termosfæren. Over dette nivået aukar temperaturen med høgda igjen. Nær denne høgda finn ein og turbopausen, som markerer grensa mellom nivået der kjemiske stoff går frå å vere godt utblanda og der forskjellige kjemiske stoff byrjar å endre konsentrasjon med høgda.

Nattlysande skyer blir danna i mesosfæren nær mesopausen.

Sjå òg

Jordatmosfæren

  Troposfæren | Stratosfæren | Mesosfæren | Termosfæren | Eksosfæren  

  Tropopause | Stratopause | Mesopause | Eksobase  

  Ozonlaget | Turbopause | Ionosfæren