Microsoft Windows er ein serie operativsystem for datamaskiner utvikla frå IBM sin PC-teknologi.
Første versjonen blei lansert i 1985 som eit grafisk grensesnitt lagt på toppen av MS-DOS. Frå og med Windows 95 har det vore eit fullverdig operativsystem, og har domineret PC-marknaden sidan 1980-talet.
Utgåver frå og med Windows XP finst på nynorsk. Brukarar med ekte Windows kan laste ned språkgrensesnittpakkene gratis frå Microsoft.
Gjeldande versonar
For skrivebordsmaskiner:
Windows 7 (32-bit og 64-bit)
Home Premium
Professional
Ultimate
Starter
Windows Vista (32-bit og 64-bit)
Home Basic, versjon for heimebruk med eit minstekrav av funksjonalitet.
Home Premium, versjon for heimebruk som inkluderer Aero-utsjånad og mediaprogramvare.
Business, utvida nettverksstøtte, for kontor- og arbeidssbruk. Inkluderer ikkje Home-programvare.
Enterprise, utvida versjon av Windows Vista Business.
Ultimate, inneheld all funksjonalitet med fleire tillegg kalla 'Extras'.
Starter, ein sterkt nedstrippa versjon for sal i utviklingsland.
Windows XP
Home Edition, versjon for heimebruk.
Home Edition N, versjon for EU-marknaden, inkluderer ikkje medieavspelaren Windows Media Player.
Professional Edition, utvida nettverksstøtte, for kontor- og arbeidssbruk.
Professional Edition N, versjon same avgrensing som Home Edition N.
Professional x64 Edition, som PE, men for datamaskiner med 64-bits prosessorar.
Starter Edition, lett-versjon for sal i utviklingsland.
Media Center Edition, til mediabruk i HTPC-er.
Tenarar
Windows Server 2008
Windows Server 2008 Standard: Fem klientlisensar.
Windows Server 2008 Enterprise: 25 klientlisensar.
Windows Server 2008 Datacenter: Lisensiert per prosessor.
Windows Server 2008 for Itanium-baserte system: Lisensiert per prosessor.
Windows Web Server 2008.
Windows Server 2008 Standard utan Hyper-V: Fem klientlisensar.
Windows Server 2008 Enterprise utan Hyper-V: klientlisensar.
Windows Server 2008 Datacenter utan Hyper-V: Lisensiert per prosessor.
Windows Server 2003
Small Business Server: Opp til to prosessorar.
Web Edition: Same med auka fokus på og betre støtte for web-tenarar.
Standard Edition: Opp til fire prosessorar.
Enterprise Edition: Opp til åtte prosessorar, støttar klynger.
Datacenter Edition: Opp til 128 prosessorar.
Storage Server: For nettverksbaserte lagringsmedia.
For mindre datamaskiner
Portable Media Center, for digitale medieavspelarar.
Windows Mobile, for telefonar og PDA-ar.
Windows CE, for integrerte datamaskiner.
Windows XP Embedded, for integrerte datamaskiner.
Windows XP Tablet PC Edition, for mindre bærbare maskiner.