Pierre Le Moyne d'Iberville | |||
| |||
Fødd | 16. juli 1661 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Montreal | ||
Død | 9. juli 1706 | ||
Dødsstad | Havanna | ||
Rang | capitaine de vaisseau | ||
Konfliktar | Kong Vilhelm-krigen, Slaget ved Fort Albany, Kamphandlinga den 14. juli 1696, Slaget ved Hudsonbukta, Den spanske arvefølgjekrigen |
Pierre Le Moyne d'Iberville (fødd 16. juli 1661 i Ville-Marie, no Montreal i Canada, død 9. juli 1706 i Havanna på Cuba), var ein fransk soldat, skipskaptein, utforskar, koloniadministrator, riddar av Saint-Louis-ordenen, eventyrar, sjørøvar, kjøpmann og grunnleggjar av den franske kolonien Louisiana i Ny-Frankrike. Han er truleg den mest kjende personen frå Ny-Frankrike og den første store kanadiske eventyraren som var fødd i Nord-Amerika.
Han var den tredje sonen til Charles Le Moyne, som kom frå Dieppe i Frankrike og var lord i Longueuil i Canada. Mora heitte Catherine Primot. Han var den eldre broren til vitskapsmannen Jean-Baptiste Le Moyne de Bienville. Han vart òg kalla Sieur d'Iberville
Pierre Le Moyne d'Iberville var med å grunnleggje fleire byar i dagens USA, som Biloxi i Mississippi (1699) og Mobile i Alabama (1702). Iberville leia eit felttog på Newfoundland 1696-1697 og deltok i slaget i Hudsonbukta mot ein britisk skvadron.
Iberville leia i 1706 ei rekkje suksessfulle åtak mot den britiske øya Nevis under den spanske arvefølgjekrigen. Han reiste så til Havanna på Cuba for å få forsterkingar frå Castilla for eit åtak på Carolina. Han døydde derimot i Havanna av gul feber.