Pippi Langstrømpe (svensk Pippi Långstrump), er ein av Astrid Lindgrens mest omtykte litterære figurar. Bøkene om denne merklege jenta og venene hennar, Tommy og Annika, er omsette til 57 ulike språk.
Pippi (Pippilotta Viktualia Rullgardina Krusmynta Efraimsdatter Langstrømpe)
er ei uvanleg jente, og særleg på 1940-talet, då bøkene kom ut. Ho er verdas sterkaste, har frekner og raude fletter som står rett ut, seier vaksne imot og er uoppdregen, bur i eit hus kalla Villa Villekulla saman med den prikkete hesten sin Lilla gubben og apekatten sin, Herr Nilsson.
Ho et krumelurpiller, mor hennar er i himmelen og far hennar er konge på ei sørhavsøy og ho har ei veske full med gullpengar.
Historie
Vinteren 1941 låg sjuåringen Karin Lindgren, sjuk med lungebetennelse og ho bad mor si fortelje ei historie om «Pippi Långstrump». Jenta hadde ei fantasifull mor som byrja å fortelje, og i den følgjande tida voks forteljingane og kom til å more både dottera og venene hennar, men det tok ei tid før historiene vart skrivne ned.
Det var først tre år seinare, då Astrid Lindgren hadde vrikka foten, at ho sette seg ned og skreiv ned historiene, tenkt som ei fødselsdagsgåve på tiårsdagen åt dottera.
Ho sende likevel manuset inn til Bonniers förlag, men det vart refusert. Eit år seinare sende ho det inn til ei barneboktevling som Rabén & Sjögren arrangerte og vann førstepremien.
Bøkene om Pippi Langstrømpe vart illustrerte av Ingrid Vang Nyman.
Bøker
Pippi Långstrump (1945), på norsk: 1946Pippi Langstrømpe
Pippi Långstrump går ombord (1946), på norsk: 1947Pippi Langstrømpe går ombord
Känner du Pippi Långstrump? (1947), på norsk: Kjenner du Pippi Langstrømpe?
Pippi Långstrump i Söderhavet (1948), på norsk 1948Pippi Langstrømpe går til sjøs
Boken om Pippi Långstrump (1952) (Samling av Pippi Långstrump, Pippi Långstrump går ombord og Pippi Långstrump i Söderhavet), på norsk: Den store boken om Pippi Langstrømpe
Pippi flyttar in (1969), på norsk: Pippi flytter inn
Pippi ordnar allt (1969)
Pippi är starkast i världen (1970)
Pippi håller kalas (1970)
På rymmen med Pippi Långstrump (1971)
Pippi Långstrump har julgransplundring (1979)
Pippi Långstrump i Humlegården (2000)
Pippi Långstrump på Kurrekurreduttön (2004). (Teksten frå Pippi Långstrump i Söderhavet, 1948, i utval av Karin Nyman; illustrasjonar: Ingrid Vang Nyman.)
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.