Pýrgos Lokalt namn Πύργος | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Peloponnes |
Koordinatar | 37°40′N 21°26′E / 37.667°N 21.433°E |
Areal | 455,1 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Vest-Hellas Ilía |
Hovudsete | Pýrgos (25 151 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 45 365 (2021) |
Folketettleik | 99,7 /km² |
Pýrgos (gresk Πύργος) er ein by på Peloponnes i Hellas. Han utgjer ein kommune i periferieininga Ilía, der han er hovudstad, i periferien Vest-Hellas.
Byen ligg vest på halvøya Peloponnes midt på sletta i Ilía. Han ligg 96 km frå Pátra, 320 km frå Aten og 144 km frå Trípoli. Landsbyen Katákolo ligg 12 km mot vest. Olympia ligg òg i nærleiken. Elva Alfiós renn like sør for byen.
Sjølve byen Pýrgos har om lag 25 000 innbyggjarar.
Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
Dei fire tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 45 365 innbyggjarar, medan kommunaleininga Pýrgos hadde 35 062 og tettstaden med same namn 25 151 innbyggjarar.
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011 | Folketal 2021 |
---|---|---|---|
Pýrgos | Pýrgos | 24 359 | 25 151 |
Epitálio | Vólakas | 1 469 | 1 239 |
Varvásena | Pýrgos | 1 107 | 980 |
Mytréa | Pýrgos | 898 | 966 |
Alfioúsa | Vólakas | 1 037 | 722 |
Voúnargo | Iárdanos | 778 | 721 |
Lastéika | Pýrgos | 718 | 682 |
Ájos Jeórjos | Pýrgos | 707 | 668 |
Kolíri | Pýrgos | 621 | 597 |
Goúmero | Oléni | 642 | 588 |
Karátoula | Oléni | 686 | 586 |
Skourokhóri | Pýrgos | 610 | 536 |
Katákolo | Pýrgos | 509 | 502 |
Salmóni | Pýrgos | 612 | 449 |