Sigismund av Det tysk-romerske riket

Sigismund av Det tysk-romerske riket

Fødd15. februar 1368
FødestadReichsstadt Nürnberg
Død9. desember 1437
DødsstadZnojmo
GravstadOradea
Gift medMaria av Ungarn, Barbara Celjska
DynastiHuset Luxembourg
FarKarl IV av Det tysk-romerske rike
MorElisabet av Pommern
BornElisabeth av Luxemburg, N. of Luxemburg, Prince of Hungary, János Hunyadi

Sigismund av Det tysk-romerske riket (15. februar 13689. desember 1437) var tysk-romersk keisar, kurfyrste av markgrevskapet Brandenburg, konge av Ungarn og konge av Kroatia. Han var den siste keisaren frå huset Luxembourg.

Sigismund var son av keisar Karl IV. Han var kurfyrste av Brandenburg frå 1378 til 1388 og frå 1411 til 1415, konge av Ungarn og Kroatia frå 1387, romersk-tysk konge frå 1411, böhmisk konge frå 1419 og tysk-romersk keisar frå 1433 til han døydde. I 1396 gjennomførte Sigismund eit krosstog mot tyrkarane, som endte med nederlag ved Nikopolis. I hans regjeringstid fann konsilet i Konstanz (1414–1418) og husittarkrigane (1419–1436) stad.

Då Sigismund overtok som böhmisk konge etter sin bror Vaclav i 1419, var det sterk motstand frå husittane mot ein fyrste som hadde medverka til bålferda til Jan Hus i 1415. Sigismund kunne derfor fyrst halda inntoget sitt i Praha i 1436.

Kjelder

  1. «Sigismund | Holy Roman emperor», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 3. mars 2020 
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.