Tertiærnæringar, tenesteytande næringar eller servicenæringar er næringar som hovudsakleg driv tenesteytande verksemd og ikkje produserer varer.
Ofte formidlar slike næringar produkt frå primær- og sekundærnæringar. Til dømes utfører transportindustrien ei næring der tenesta (eller produktet) deira kan vera å frakta varer eller råvarer frå ein stad til ein annan.
Til tertiærnæringene reknar me handel, hotell, uteliv, transport, lagring, kommunikasjon, bank, finans og offentleg og privat tenesteyting.