Timișoara

Timișoara
Hovudbygningen til Det polytekniske universitetet i Timișoara
Hovudbygningen til Det polytekniske universitetet i Timișoara
Hovudbygningen til Det polytekniske universitetet i Timișoara
Byvåpenet til Timișoara
Byvåpenet til Timișoara


Plassering
Timișoara is located in Romania
Styresmakter
Land Romania Romania
Fylke Timiș
Borgarmeister Dominic Samuel Fritz
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

129,2 km²
1070.4 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik
 - Storbyområde

307 347
  2 378,8 /km²
359 132
Koordinatar 45°45′35″N 21°13′48″E / 45.75972°N 21.23000°E / 45.75972; 21.23000
Høgd over havet 90 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer 300xxx
Retningsnummer (tlf) +40 02 56
Bilnummer TM
Nettstad: www.primariatm.ro

Timișoara (/timiˈʃo̯ara/, ungarsk Temesvár /temeʃva:r/) er ein by i regionen Banat vest i Romania. Han er sete i Timiș fylke.

Med like over 300 000 innbyggjarar er Timișoara den fjerde største byen i landet București, Iași og Cluj-Napoca. Han er eit stort økonomisk og kulturelt senter i Banat.

Han er ein multikulturell by påverka av dei mange minoritetane, hovudsakleg ungararar, tyskarar og serbarar, i tillegg til italienarar, arabarar, indarar, bulgararar, sigøynarar, jødar og grekarar. Namn på byen på ulike språk er ungarsk Temesvár, tysk Temeschburg, Temeswar eller Temeschwar, bulgarsk Тимишоара, serbisk Темишвар, Temišvar, Banat-bulgarsk Timišvár og tyrkisk Tamışvar-Tamişvar eller Temeşvar.

Byen vert òg kalla «Vesle-Wien» fordi han i ein lang tid høyrte til Habsburgmonarkiet og heile sentrum i byen vart bygd under denne perioden og kan minne om gamle Wien. Timișoara er ein viktig universitetsby med fag innan medisin, mekanikk og elektroteknologi. Han er ein industriby og vart den første europeiske byen fekk elektriske gatelys i 1884. Han vart òg den andre byen i Europa og den første i dagens Romania som hadde hestar som drog trikkar i 1867. Mange hevdar at Gustave Eiffel, som teikna Eiffeltårnet i Paris, bygde ein av gangbruene over Bega i byen.

Historie

Timișoara i 1685 på eit stikk av Wagner

I romartida låg det ein militærleir kalla Zambara eller Zurobara like ved der Timișoara ligg i dag. Etter romarane kom mange nomadiske folk frå dei sentralasiatiske slettene, særleg avarar, til ruinane av Zambara og grunnla ein ny busetnad kalla Beguey.

I 1019 vart Timișoara nemnd i skriftlege kjelder for første gong i dokument frå den austromerske keisaren Basil II. I 1154 vart byen nemnd av den arabiske geografen Sarif al Idrisi. Fortet i Timișoara (Castrum Temesiensis) vart først nemnd av kong Andreas II av Ungarn i 1212. Byen vart erobra av Det osmanske riket i 1552 og var under deira kontroll til han vart erobra av den habsburgske hæren leia av fyrst Eugene av Savoie i 1716.

Dei demografiske tilhøva i regionen endra seg dramatisk under dei 167 åra under Det osmanske riket. I 1582 hadde Temeswar, trass i ei blodig omleiring, framleis ein ungarsk majoritet. Seinare vart den største etniske gruppa muslimske tyrkarar og ein mindre gruppe inkluderte serbarar, jødar og signøyarar.

Etter at byen vart okkupert av Det austerrikske riket flykta den tyrkiske folkesetnaden. «Armenische Stadt» var ein eigen bydel i byen fram til den store pesten i 1738. I følgje data frå 1720 var den største etniske gruppa i byen på denne tida serbarar, og det var ingen ungararar eller tyskarar i byen. Seinare kom tyskarane til byen og vart gradvis den største etniske gruppa.

I 1718 vart det første ølbryggeriet i Transilvania bygd her. Den første tobakksfabrikken i dagens Romania vart òg bygd, og mellom 1728 og 1771 vart ein kanal i Bega bygd for å knyte byen til Donau. I 1849 vart Timișoara hovudstad i det austerrikske kronlandet voivodskapet Serbia og Tamiš Banat som følgje av revolusjonane i 1848. Provinsen vart etnisk svært mangfaldig og bestod av rumenarar, tyskarar, serbarar og ungararar. Kronlandet vart oppheva i 1860 og kom inn under Ungarn i 1867 då Austerrike-Ungarn vart oppretta.

Byen vart den første byen i Austerrike-Ungarn som hadde offentlege gatelys med talg- og oljelampar. Timișoara vart òg den første byen i Europa som fekk elektriske gatelys. Dette hadde dei frå den 12. november 1884, (fire år etter New York City). Ein trikk som vart dradd av hestar kom òg i drift i denne perioden. I 1869 vart Timișoara òg den første byen i Kongedømet Ungarn som hadde ein ambulansestasjon.

I 1910 hadde byen 72 555 innbyggjarar (43,6 % tyskarar, 39,3 % ungararar, 10,4 % rumenarar og 4,8 % serbarar.

Etter den første verdskrigen vart byen okkupert av serbiske troppar den 24. november 1918. Dei trekte seg tilbake frå byen 26. juli 1919 og den rumenske hæren gjekk inn i byen 3. august etter eit ultimatum frå den rumenske regjeringa. Den rumenske kontrollen over byen vart stadfesta med Trianontraktaten.

Den neste tiåra utvikla byen seg og folk frå dei rumenske landsbyane og omliggande områda flytta til byen. Rumenarane vart så den største folkegruppa i byen. Etter den andre verdskrigen flytta mange av dei etniske tyskarane i byen til Tyskland og nesten alle jødane emigrerte til Israel eller vestover.

16. desember 1989 gjekk mange av innbyggjarane i byen ut i gatene for å protestere mot avgjersla til styresmaktene og Securitate (det hemmelege politiet) om å deportere den ungarske kalvinistiske pastoren László Tőkés. Dagen etter starta eit opprør i Timișoara mot kommunistregimet til Nicolae Ceaușescu. Dette var byrjinga på den rumenske revolusjonen i 1989, som enda kommunistregimet i landet ei veke seinare.

Kjelder


  1. Innbyggjartal i Romania 1. juli 2007
  2. Urban wood og modern life- the example of Timișoara City Arkivert 2008-06-26 ved Wayback Machine. av Gheorghe Florian Borlea, Radu Brad og Oliver Merce - Forest Research & Management Institute- ICAS Timișoara, RO
  3. Preyer, Johann N.: Monographie der königlichen Freistadt Temesvar, 1853
  4. 4,0 4,1 Dr. Dušan J. Popović, Srbi u Vojvodini, band 1-3, Novi Sad, 1990
  5. «Timișoara the Capital of Banat». Victor Babes University of Medicine og Pharmacy. Henta 9. juli 2008. 
  6. Atlas og Gazetteer of Historic Hungary 1914, Talma Kiadó Arkivert 2017-01-14 ved Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff