Veøy | |||
stad | |||
Veøy kyrkje, Sølsnes
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Molde | ||
Postnummer | 6456 SKÅLA | ||
Innbyggjarnamn | veøygjelding | ||
Veøy kommune 62°40′14″N 7°25′29″E / 62.670555555556°N 7.4247222222222°E | |||
Wikimedia Commons: Veøy | |||
Veøy er ein kyrkjestad og tidlegare kommune i Møre og Romsdal oppretta som Veøy formannskapsdistrikt i 1837.
1. januar 1965 vart det meste av Veøy slegen saman med kommunane Eid, Grytten, Hen og Voll til den nye Rauma kommune. Ved samanslåinga hadde denne delen av Veøy 1 400 innbyggjarar.
Sekken, Veøya og Nesjestranda i Veøy vart samtidig overført til Molde kommune. I desse tre krinsane var det ved samanslåinga 756 innbyggjarar.
Veøya, som ligg sentralt i Romsdalsfjorden der mange fjordarmar møtest, var den første «byen» i Romsdal, og sentrum for handel med vidare i vikingtida og mellomalderen. Veøy gamle kyrkje er frå omkring 1200, den nye Veøy kyrkje står på Sølsnes, på fastlandet.
Folketalsutvikling for tidlegare Veøy kommune frå 1900 til 1964:
1900 | 1910 | 1.12.1920 | 1.12.1930 | 3.12.1946 | 1.1.1951 | 1.1.1961 | 1.1.1964 |
---|---|---|---|---|---|---|---|
2445 | 2459 | 2414 | 2191 | 2369 | 2400 | 2239 | 2156 |