Xbox One

Xbox One
Konsoll med handkontroll og kinect
ProdusentMicrosoft Microsoft-Xbox-One-Console-Set-wKinect.jpg
ProduktfamilieXbox
GenerasjonÅttande generasjon
Lansering22. november 2013
MediumCD, DVD


Xbox One er ein heime spelkonsoll utvikla og marknadsført av Microsoft. Annonsert den 21. mai 2013 er det etterfølgjaren til Xbox 360, og er den tredje konsollen i Xbox-familien. Den konkurrerar direkte med Sony sin PlayStation 4 og Nintendo sin Wii U som ein del av den åttande generasjonen med spelkonsollar. Xbox One var lansert i Nord-Amerika, fleire europeiske marknader, Australia og New Zealand den 22. november 2013, og seinare i 26 andre marknader, inkludert Japan, dei attverande europeiske marknadene, og Midt-austen i september 2014. Det er den fyrste Xbox-spelkonsollen som blei utgjeve i Kina.

Xbox One er basert på ein x86-64-prosessorarkitektur, har Blu-ray-lesar og 8 GB minne i form av DDR3. Xbox One blir sett på som eit «alt i eit»-underhaldingssystem, som ein meduimspelar der ein kan sjå TV, film, surfe på internett og spele. Dette fekk blanda tilbakemeldingar. Konsollen har ei innebygd stemmestyring. Alt av stemmekontroll blir styrt igjennom Kinect, og ein kan også bruke program som Skype gjennom Kinect.

Historie

Xbox One på E3 2013.

Konsollen er ein oppfylgjar til Xbox 360. Xbox One blei avduka offentleg den 21. mai 2013.

Maksinvare

Kontroll

Handkontrollane vil ha 16% lengre levetid enn forgjengaren si.

Spel

På E3 2013 nyhendekonferanse anslørte dei at m.a. Forza Motorsport 5, Ryse: Son of Rome, Killer Instinct og Project Spark. Xbox- og Xbox 360-spel vil ikkje bli kompatibel med Xbox One, men i eit intervju av Reddit Games med Xbox Live-direktør for programmering, Larry Hryb, òg kjend som «Major Nelson», seier han at brukarane kan kopla Xbox 360 til Xbox One via den nye HDMI-in porten på konsollen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff