Algonkinar er eit urfolk i Nord-Amerika som talar algonkinsk og er ein del av dei algonkinske folka. Kulturelt og språkmessig er dei nært i slekt med odawa og ojibwe, som dei dannar den større anicinàpe-gruppa (Anishinaabe) med. Algonkinane kallar seg sjølv omàmiwinini (fleirtal omàmiwininiwak) eller det meir generaliserte namnet anicinàpe.
Dei fleste algonkinane lever i Quebec. Dei ni algonkin-gruppene i denne provinsen, og ei i Ontario, har ein samla folkesetnad på kring 11 000.