Antarktistraktaten og tilknytte avtalar, som i lag vert kalla Antarktistraktatsystemet eller ATS, regulerer internasjonale forhold med omsyn til Antarktis, det einaste kontinentet på jorda utan innfødde folkeslag. Avtalen dekkjer alle landområde og isbremmar sør for |60 °S. Traktaten, som trødde i kraft i 1961 og som i dag 50 nasjonar har skrive under på, definerer Antarktis som eit vitskapleg reservat med fridom til å utføre vitskaplege utforskingar samstundes som han forbyr all militær aktivitet på kontinentet. Traktaten var den første nedrustingskontrollavtalen som vart oppretta under den kalde krigen. Hovudkvarteret til sekretariatet for Antarktistraktaten har sidan september 2004 lege i Buenos Aires i Argentina.
Hovudavtalen vart opna for underskriving 1. desember 1959 og tredde offisielt i kraft 23. juni 1961. Dei originale underskrivarane var dei tolv landa som var aktive i Antarktis under Det internasjonale geofysiske året (IGY) 1957–58. Desse var Argentina, Australia, Belgia, Chile, Frankrike, Japan, New Zealand, Noreg, Sør-Afrika, Sovjetunionen, Storbritannia og USA. Desse landa hadde oppretta over 50 stasjonar i Antarktis for IGY. Avtalen var eit diplomatisk uttrykk for det operasjonelle og vitskaplege samarbeidet ein hadde fått til «på isen».
Hovudmålet til ATS er å sikre at interessene for alle menneske om at Antarktis til evig tid utelukkande skal nyttast til fredlege føremål og ikkje skal verte åstad for internasjonale usemjer.. Traktaten forbyr alle tiltak av militær natur, men ikkje nærvær av militært personell.
Andre avtalar — kring 200 anbefalingar som ein har kome fram til og ratifisert på medlemsmøta — omfattar:
Antarktistraktaten sine årlege konsultasjonsmøte (ATCM) er eit internasjonalt forum for styre og administrasjon av regionen. Berre 28 av dei 49 deltakarlanda har rett til å delta i avgjersler ved desse møta, sjølv om dei 21 andre landa har lov å delta på møtet. Dei avgjersledeltakande landa er Rådgjevande partar og, i tillegg til dei 12 originale underskriftslanda, omfattar dette 16 land som har synt interessa si i Antarktis ved å utføre omfattande vitskapleg aktivitet der.
Land | Underskrive | Rådgjevande | Møterett |
---|---|---|---|
Argentina Argentinsk Antarktis* | 23. juni 1961 | ||
Australia (claim) | 23. juni 1961 | ||
Austerrike | 25. august 1987 | ||
Kviterussland | 27. desember 2006 | ||
Belgia | 26. juli 1960 | ||
Brasil | 12. september 1983 | 16. mai 1975 | |
Bulgaria | 25. mai 1998 | 11. september 1978 | |
Canada | 4. mai 1988 | ||
Chile Chilensk Antarktis* | 23. juni 1961 | ||
Folkerepublikken Kina | 7. oktober 1985 | 8. juni 1983 | |
Colombia | 31. januar 1989 | ||
Cuba | 16. august 1984 | ||
Tsjekkia (som Tsjekkoslovakia) | 14. juni 1982 | ||
Danmark | 20. mai 1965 | ||
Ecuador | 19. november 1990 | 15. september 1987 | |
Estland | 17. mai 2001 | ||
Finland | 9. oktober 1989 | 15. mai 1984 | |
Frankrike (krav) | 16. september 1960}} | ||
Tyskland (krav) (avstått sidan 1945) | 3. mars 1981
5. oktober 1987 |
5. februar 1979
19. november 1974 | |
Hellas | 8. januar 1987 | ||
Guatemala | 31. juli 1991 | ||
Ungarn | 27. januar 1984 | ||
India | 12. september 1983 | 19. august 1983 | |
Italia | 5. oktober 1987 | 18. mars 1981 | |
Japan | 4. august 1960 | ||
Malaysia | 31. oktober 2011 | ||
Monaco | 30. mai 2008 | ||
Nederland | 19. novemeber 1990 | 30. mars 1967 | |
New Zealand (krav) | 1. november 1960 | ||
Nord-Korea | 21. januar 1987 | ||
Noreg (krav) | 24. august 1960 | ||
Pakistan | 1. mars 2012 | ||
Portugal | 29. januar 2010 | ||
Peru | 9. oktober 1989 | 10. april 1981 | |
Polen | 29. januar 1977 | 23. juni 1961 | |
Portugal | 29. januar 2010 | ||
Romania | 15. september 1971 | ||
Russland (som Sovjetunionen)** | 21. juni 1960 | ||
Slovakia (som Tsjekkoslovakia) | 14. juni 1962 | ||
Sør-Afrika | 21. juni 1960 | ||
Sør-Korea | 9. oktober 1989 | 28. november 1986 | |
Spania | 21. september 1988 | 31. mars 1982 | |
Sverige | 21. september 1988 | 24. mars 1984 | |
Sveits | 15. november 1990 | ||
Tyrkia | 25. januar 1996 | ||
Ukraina | 27. mai 2004 | 28. oktober 1992 | |
Storbritannia Britisk Antarktis* | 31. mai 1960 | ||
USA** | 18. august 1960 | ||
Uruguay | 7. oktober 1985 | 11. januar 1980 | |
Venezuela | 24. mai 1999 |
* Krav overlappar.
** Reservert rett til å krevje område.
I 2012 er det 50 medlemsland der 28 har rådgjevande makt og 22 møterett. Av dei rådgjevande medlemslanda med stemmerett omfattar dette dei sju landa som har gjort krav på Antarktis som eit nasjonalt territorium. Dei 22 andre nasjonane har ikkje anerkjent krava til dei andre, og heller ikkje erklært at dei har tatt ei stilling til det.
Originaltekst av Antarktistraktaten ved Wikisource. |