Aram MP3 | |||
| |||
Fødd | 5. april 1984 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Jerevan i Den armenske sosialistiske sovjetrepublikken i Sovjetunionen (no Jerevan i Armenia) | ||
Fødenamn | Արամ Սարգսյան, Aram Sargsvan | ||
Alias | Aram MP3 | ||
Opphav | Sovjetunionen, Armenia | ||
Aktiv | 2006-i dag | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | Vokal, piano og gitar | ||
Verka som | Songar, låtskrivar, komikar, underhalder og skodespelar |
Aram Sargsyan (fødd 5. april 1984 i Jerevan), kjend som Aram MP3, er ein armensk songar, låtskrivar, komikar, underhalder og skodespelar.
Sargsvan vart fødd i Jerevan i Den armenske sosialistiske sovjetrepublikken i Sovjetunionen, i det som i dag er Armenia. I 2006 vart han uteksaminert ved Yerevan State Medical University.
Han har mellom anna vore programleiar for to sesongar av X-Factor på Shant TV og Hay Superstar på same kanal. Han har òg leia fleiere program på Armenia TV.
Sargsvan har vore gift med Anna Margaryan sidan april 2008. Dei har ein son, fødd i juni 2011.
31. desember 2013 valde Hayastani Hanrayin herrustaynkerut’yun Aram MP3 til å representere Armenia i Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Songen, «Not Alone», vart presentert 14. mars 2014 og vil verte framført på engelsk. Han har skrive songen saman med Garik Papoyan.
Fleire store tippeselskap, inkludert Bwin og Sky Bet, spår at bidraget vil vinne Eurovision Song Contest 2014.