August Herman Francke | |
Statsborgarskap | Lübeck |
Fødd | 22. mars 1663 Lübeck |
Død |
8. juni 1727 (64 år) |
Yrke | teolog, pedagog, universitetslærar |
Språk | latin, tysk |
Medlem av | Det prøyssiske vitskapsakademiet |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Far | Johannes Francke |
Ektefelle | Anna Magdalena Francke |
Nettstad | http://www.francke-halle.de/startseite.html |
August Herman Francke på Commons |
August Hermann Francke (22. mars 1663–8. juni 1727) var ein tysk pietistisk teolog og pedagog, fødd i Lübeck og død i Halle. Francke stog i leiinga for det teologiske faktultetet i Halle, og han bygde opp ei rekkje sosiale og pedagogiske institusjonar, og slik vart han den som sette Philipp Jacob Speners pietistiske idear ut i livet.
Francke studerte ved universiteta i Erfurt, Kiel og Leipzig. I 1686 grunnla han eit Collegium philobiblicum i Leipzig for filologisk og praktisk tolking av Bibelen.
I 1687 omvenda han seg etter eiga utsegn til ein «levande kristendom». Frå 1690-91 var han diakon ved Augustinkyrkja i Erfurt. Preikene hans fekk stor merksemd, ikkje på grunn av dogmatikken, men på grunn av vekkinga han forkynte. Mange, både protestantar og katolikkar, vart inspirerte til å gå over til pietismen, og dette førte til at katolske fyrstebiskopen av Mainz utviste han frå byen.
I 1692 vart Francke professor i semittiske språk ved universitetet i Halle og pastor i Glaucha, ein forstad til Halle. 1698 vart han professor i teologi ved same universitetet. Gjennem verksemda som prest og akademisk lærar vart han ved sida av Philipp Jacob Spener ein av grunnleggarane av pietismen.
I 1695 etablerede Francke ein fri- og fattigskole og eit par andre skolar og i 1697 ein latinskole, Die Franckeschen Stiftungen zu Halle. Til fattigskolen la han ein heim for foreldrelause barn. Her vart plassen snart for liten, og 24. juli 1698 la han grunnsteinen til Waisenhuset i Halle. Arbeidet vart finasiert ved frivillige bidrag.
I 1705 etablerte Francke eit misjonsinstitutt.
Som pedagog la Francke vekt på at barna fekk ei moralsk oppseding, og at kvart barn burde bli behandla etter sin individualitet. Han la vekt på realfaga og på lærarutdanninga.
Ei innvending mot det pedagogiske systemet hans var at det var einsidig religiøst innretta, ei slagside som vart sterkare etter at Francke sjølv døydde.