| |||||
---|---|---|---|---|---|
Offisielt | Belarus | ||||
|
|||||
Uttakingar | |||||
Nasjonalt | 14 | ||||
Internt | 2 | ||||
Deltaking | |||||
Debutår | 2004 | ||||
Deltakingar | 16 | ||||
Beste resultat | |||||
Semifinalen | 4 (2007) | ||||
Finalen | 6 (2007) | ||||
Verste resultat | |||||
Semifinalen | 22 (2006) | ||||
Finalen | 24 (2010 og 2019) | ||||
Poeng | |||||
Semifinalane | 1 025 | ||||
Finalane | 368 | ||||
Totalt | 1 393 |
Belarus debuterte i Eurovision Song Contest i 2004 og deltok i tevlinga kvart år fram til 2019. I 2020 vart Eurovision Song Contest avlyst på grunn av koronapandemien, og i 2021 vart Kviterussland diskvalifisert frå tevlinga, og seinare same år vart den belarusiske ålmennkringkastaren BTRK utestengd frå EBU. Belarus kan ikkje deltake i Eurovision Song Contest så lenge BTRK er utestengd, men landet kan i prinsippet deltake dersom ein annan belarusisk kringkastar tek over senderettane.
Belarus har i laupet av sine seksten deltakingar kvalifisert seg til finalen ved seks høge. Fyrste gongen var i 2007, då Dzmitry Kaldun og songen «Work Your Magic» enda på sjetteplass i finalen. Dette er framleis den beste plasseringa til Belarus i Eurovision Song Contest. Sist gong Belarus kvalifiserte seg til finalen, var i 2019.
Det er den belarusiske rikskringkastaren BTRK som sender Eurovision Song Contest i Belarus, og som vel det belarusiske bidraget til Eurovision Song Contest. Belarus debuterte i 2004, same år som Den europeiske kringkastingsunionen innførte semifinalar i Eurovision Song Contest. Berre seks gongar har Belarus kvalifisert seg til finalen, sist gong i 2019, Den beste plasseringa kom i 2007, då Dzmitry Kaldun vart nummer seks i finalen. Den dårlegaste plasseringa kom i 2010 og 2019, då dei belarusiske bidraga hamna på 24.-plass.
I 2017, valde Belarus for fyrste gong eit bidrag på belarusisk, då Naviband og songen «Historyja majho zjytstsia» vann den nasjonale finalen. I den internasjonale finalen fekk songen engelsk tittel, men teksten var på belarusisk.
Belarus har fleire gongar vekt oppsikt for si kronglete og til tider farse-liknande nasjonale tevling, Eurofest. I 2012 vart vinnaren av Eurofest, Alena Lanskaja, diskvalifisert etter påstandar om at produsenten hennar hadde rigga telefonrøystinga. Ei gransking viste at påstandane var sanne, og Lanskaja vart diskvalifisert. I staden fekk andreplassen, Litesound, representere Belarus i Baku. I 2005 bytta plutseleg Andzjalika Ahurbasj ut låten «Boys And Girls» med «Love Me Tonight» etter laber mottaking frå sjåarar og fans. Også i 2010 og 2011 vart dei opprinnelege songane bytta ut med nye. Fleire gongar har også den omstridte presidenten til Kviterussland, Aljaksandar Lukasjenka, blanda seg inn i planlegginga av den nasjonale uttakinga.
Før Eurofest 2018 kom det fram at eitt av bidraga hadde vore framført offentleg allereie i mai 2017 - før tidsfrista til EBU 1. september 2017. Det dreia seg om artisten Alekseev, som hadde framført ein russisk versjon av bidraget «Forever» i Stavropol, og opptak av framsyninga dukka opp på det russiske nettsamfunnet VK. Seks deltakarar i den belarusiske finalen trua med å trekkje seg om «Forever» fekk lov til å deltake, og ein av deltakarane, Sofi Lapina, endte med å faktisk trekkje seg. Til slutt avgjorde BTRK at songen skulle få deltake, etter å ha gjennomgått enkle justeringa i melodi og arrangement. «Forever» endte opp med å vinne den belarusiske finalen.
Valet av det belarusiske bidraget til Eurovision Song Contest 2021, Galasy ZMesta og songen «Ja nautsju tebja», møtte sterk kritikk frå fan-pressen og menneskerettsgruppar. Kritikarane meinte den belarusiske kringkastaren BTRK bevisst hadde vald ein regime-vennleg deltakar som «dansar etter myndigheitene si pipe». Etter presidentvalet i 2020 var det vedvarande protestar og demonstrasjonar mot sitjande president Aleksandr Lukasjenko. Valresultatet og gjennomføringa av valet har blitt kraftig kritisert av opposisjonen og internasjonale organisasjonar, og motstanden mot Lukasjenko auka kraftig i vekene etter valet. Trass den massive motstanden, nekta Lukasjenko å gje frå seg makta eller skrive ut nyval.
Delar av Eurovision-pressen meinte det belarussiske bidraget var vald for å støtte Lukasjenko. Gruppa Galasy ZMesta hadde offentleg kritisert demonstrasjonane og gjeve støtte til presidenten. Nettstaden Eurovoix.com kritiserte teksta til bidraget og omtala den som «ei sterk støtte for ein regjeringsagenda som kneblar sine innbyggjarar og fengslar sine journalistar for å snakke ut om sakar rundt grunnleggjande menneskerettar». Nettstaden kunngjorde samtidig at dei ikkje kom til å rapportere noko meir rundt deltakinga til Belarus i 2021 og oppfordra andre nettstadar til å gjere det same.
Parallelt med dette har fleire menneskerettsgruppar, fans og politiske myndigheiter kravd at Belarus måtte bli diskvalifisert frå tevlinga. Blant anna vart det starta fleire underskriftskampanjar for å få EBU til å utestengje Belarus. Den svenske kringkastaren SVT avgjorde samtidig å utestengje den belarusiske juryen som skulle ha røysta i Melodifestivalen på grunn av «situasjonen i landet». Den belarusiske juryen vart i staden erstatta av ein britisk jury.
11. mars kunngjorde EBU av det belarusiske bidraget ikkje var i tråd med tevlingsreglane, og at songen utfordra «den ikkje-politiske naturen» til Eurovision Song Contest. EBU konkluderte med at bråket rundt songen risikerte å sverte ryktet til Eurovision Song Contest, og sa at songen ikkje kunne tillatast i sin noverande form. I staden måtte BTRK endre bidraget eller sende inn eit nytt bidrag, elles ville Belarus bli diskvalifisert frå tevlinga. 26. mars vart Kviterussland diskvalifisert frå tevlinga, då det nye bidraget heller ikkje var i tråd med tevlingsreglane.
I etterkant av Eurovision Song Contest 2021 auka presset på EBU om å vurdere medlemskapet til BTRK i unionen. Eit medlemskap i EBU krev at kringkastaren har ein viss demokratisk og redaksjonell fridom, utan kontroll og direkte inngripen frå den politiske leiinga i landet. Berre dagar etter tevlinga vedtok EBU å stengje ute BTRK med verknad frå juli 2021. Dimed mista kringkastaren tilgangen til Eurovisions-nettet, inkludert rettane til å sende idrettsarrangement, nyheitsutveksling og kultur. Dette omfattar og retten til å sende og deltake i Eurovision Song Contest og Junior Eurovision Song Contest. Utestenginga varar fram til 2024.
Dersom Belarus igjen skal kunne deltake, må anten BTRK bli gjenoppteken som EBU-medlem, eller så må ein annan av dei belarusiske kringkastarane bli medlem av kringkastingsunionen og overta rettane til å sende Eurovision Song Contest.
År | Artist | Song | Språk | Finalen | Semifinalen | ||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Poeng | Plass | Poeng | Plass | ||||
2004 | Aleksandra & Konstantin | «My Galileo» | Engelsk | Ikkje kvalifisert | 10 | 19 | |
2005 | Anzjalika Ahurbasj | «Love Me Tonight» | Engelsk | 67 | 13 | ||
2006 | Palina Smolava | «Mum» | Engelsk | 10 | 22 | ||
2007 | Dzmitryj Kaldun | «Work Your Magic» | Engelsk | 145 | 6 | 176 | 4 |
2008 | Ruslan Aljakhno | «Hasta La Vista» | Engelsk | Ikkje kvalifisert | 27 | 17 | |
2009 | Pjotr Jalfimaw | «Eyes That Never Lie» | Engelsk | 25 | 13 | ||
2010 | 3+2 | «Butterflies» | Engelsk | 18 | 24 | 59 | 9 |
2011 | Anastasija Vinnikava | «I Love Belarus» | Engelsk | Ikkje kvalifisert | 45 | 14 | |
2012 | Litesound | «We Are the Heroes» | Engelsk | 35 | 16 | ||
2013 | Alena Lanskaja | «Solayoh» | Engelsk | 48 | 16 | 64 | 7 |
2014 | TEO | «Cheesecake» | Engelsk | 43 | 16 | 87 | 5 |
2015 | Uzari og Maimuna | «Time» | Engelsk | Ikkje kvalifisert | 39 | 12 | |
2016 | IVAN | «Help You Fly» | Engelsk | 84 | 12 | ||
2017 | Naviband | «Story of My Life» | Belarusisk | 83 | 17 | 110 | 9 |
2018 | Alekseev | «Forever» | Engelsk | Ikkje kvalifisert | 65 | 16 | |
2019 | ZENA | «Like It» | Engelsk | 31 | 24 | 122 | 10 |
2020 | VAL | «Da vidna» | Belarusisk | Avlyst | |||
2021 | Galasy ZMesta | «Ja nautsju tebja» | Russisk | Diskvalifisert | |||
«Pesnja pro zajtsev» | Russisk |
|
|
|
|