Bergmynte | |
Bergmynte | |
Status | |
Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Leppeblomfamilien Lamiaceae |
Underfamilie: | Nepetoideae |
Slekt: | Bergmynteslekta Origanum |
Art: | Bergmynte O. vulgare |
Vitskapleg namn | |
Origanum vulgare |
Bergmynte (Origanum vulgare), òg kalla kungsgras eller kung, er ein fleirårig plante i slekta Origanum i leppeblomfamilien. Ulike underartar og sortar av planta er mykje bruka som krydderplante og då under namnet «oregano».
Planten vert opptil 40 cm høg. Han har forveda, krypande rotstokk og ein oppretta stengel som greinar seg frå midten og opp. Blada er ovale og snaue ovanpå. Blomatrane er raudfiolette og sit i tette duskar.
Kung veks på tørre bakkar, i kratt og ur, gjerne på solvende stader.
Bergmynte kjem frå middelhavsområdet. Fleire artar er herdige også i Noreg, og på Sørlandet veks det fleire stader forvilla bergmynte.
Arten er heimleg i Noreg og finst på Austlandet nord til Dovre og Lom, på indre Vestlandet og nordover til og med Helgeland og Salten. I Hemsedal veks han opp til 1040 moh. I Sverige veks han nord til Bergslagen, i Finland berre i sørvest, i Danmark manglar han vest i landet. Kung er elles ein europeisk og nordasiatisk plante.
Det er eit utal kryssingar og dyrkingssortar av bergmynte, som varierer noko i utsjånad og ikkje minst smakskarakteristikk.
Planten er ein velluktande krydderurt der blada kan brukast i matlaging; gjerne til sauekjøtt. I eldre tid skal han ha vore bruka både til lækjemiddel og til trolldomsurt, eller kanskje rettare som vern mot trolldom. Det krydderet som i Noreg og Sverige blir seld som oregano er ofte ei blanding av tørka blad frå underarten gresk oregano og sorten 'Compactum'.
Bergmynte har fleire underartar:
Fleire kultivarar (sortar) er framdyrka på grunn av kryddereigenskapane, men òg som prydplante. Det finst mange sortar å marknaden. Sjølv om bergmynte veks naturleg i Noreg toler fleire av desse sortane dårleg kaldare klima: