Bunraku

Bunrakudokke i Nasjonalteatret i Osaka.
Den legendariske japanske dokkeføraren Yoshida Bungorō (1869-1962).

Bunraku (japansk 文楽) er ei form for tradisjonelt japansk dokketeater som oppstod i Osaka på slutten av 1600-talet. Ordet «bunraku» er avleia av namnet til ein teatertropp skipa av dokkemeisteren Uemura Bunraken tidleg på 1800-talet.

Omgrepshierarki

Det japanske samleomgrepet for bunraku og tilsvarande typar dokketeater er ningyō jōruri (人形浄瑠璃). Ningyō tyder «dokke» på japansk, mens jōruri er ei forteljande musikkform der ein forteljar (太夫, tayū) blir akkompagnert av ein tre-strenga lutt, ein såkalla samisen eller shamisen. Den korrekte nemninga på «dokketeater» på japansk er ayatsuri jōruri.

Britiske Jeremy Bidgood dokumenterte i si doktoravhandling The Problem of Bunraku: A Practice-led Investigation into Contemporary Uses and Misuses of Ningyo Joruri (London University, 2015) at dei fleste i Vesten har ei feilaktig oppfatning om at bunraku er den einaste forma for ningyō jōruri som fortsatt er ein levande tradisjon i Japan. Det korrekte er at det fins fleire parallelle tradisjonar, blant anna på Awaji-øyane, Iida og Tonda.

Særdrag ved bunraku

Til skilnad frå mange andre former for dokketeater, brukar ein ikkje trådar eller andre triks for å bevege dokkene og skjule dei som styrer dokka. Dokkeførarane er fullt synlege på scena, sjølv om dei som oftast er diskré kledde i svart og ber maske. Slike heilt svartkledde scenearbeidarar blir kalla kuroko på japansk. Dokkene kan vere i nesten naturleg storleik, og kvar dokke blir operert av heile tre profesjonelle dokkeførarar, som må koordinere bevegelsane sine perfekt med kvarandre for at framsyninga skal verke naturleg.

Bunraku i dagens Japan

Det japanske kulturrådet driv (per 2017) fleire teaterkompani som tek vare på og vidareførar tradisjonelle japanske teaterformer. Eit av desse er det som på engelsk blir kalla National Bunraku Theatre – Det nasjonale bunrakuteateret.

Sjå også

Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Bunraku | Japanese puppet theatre». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Henta 12. november 2017. 
  2. «Bunraku | Gyldendal - Den Store Danske». denstoredanske.dk (på dansk). Henta 12. november 2017. 
  3. «JAPAN: Dukkeføring». Stoppested Verden (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 13. november 2017. Henta 12. november 2017. 
  4. Bidgood, Jeremy (2015). The Problem of Bunraku : a practice-led investigation into contemporary uses and misuses of ningyo joruri (PDF). London University. 
  5. «The Ancient Artistry of Bunraku : A Japanese Puppet Theater Keeps a 400-Year-Old Tradition Alive». Los Angeles Times (på engelsk). 25. september 1988. Henta 18. oktober 2019. 
  6. «National Bunraku Theatre». www.ntj.jac.go.jp (på japansk). Henta 12. november 2017. 

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Bunraku