Buplikt

Buplikt er ei plikt knytt til visse yrke eller kjøp av visse eigedommar.

Mange land har reglar om buplikt ved erverv av landbrukseigedommar. Ordninga er omstridd. Seinast den 25. januar 2007 avsa EU-domstolen dom om at dei danske reglane om personleg buplikt på landbrukseigedommar er i strid med prinsippet om fri flyt av kapital og med dei europeiske menneskerettane.

Noreg har andre reglar enn Danmark og det er enno uvisst om den nemnde EU-dommen råkar den norske buplikta. Dei norske reglane gir meir rom for unntak/dispensasjon enn dei danske.

I Noreg er buplikt bruka både for å knyta arbeidstakarar nærare ein arbeidsstad og som eit distriktspolitisk verkemiddel:

Buplikt i tenestebustad

Fleire yrkesgrupper har buplikt i tenestebustad. Døme på slike er prestar og lærararfolkehøgskolar.


Buplikt for landbrukseigedommar

Den som tek over eigedom som han har odelsrett til, har plikt til å busetje seg på eigedomen innan eitt år og bu på den i fem år. Skjer overtakinga ved odelsløysing, varer buplikta i ti år. Nær slekt som ikkje har odelsrett, slepp søkje konsesjon om dei forpliktar seg til å busetje seg på eigedommen og å drive han i minst fem år. Andre kjøparar må søkje konsesjon. Kommunen kan då gje buplikt som eit konsesjonsvilkår.

Kommunen kan gje fritak frå buplikta. Dei vil då leggje særleg vekt på

  • ønsket om å styrkje eller oppretthalde busetjinga i området der eigedomen ligg
  • kor nær tilknyting søkjaren har til eigedomen
  • søkjaren sin livssituasjon

Vidare skal det mellom anna takast omsyn til bruksstorleiken, avkastningsevna og hustilhøva på eigedomen. Kommunen vil ved vurderinga sjå spørsmålet i samanheng med driveplikta.

Dersom kjøparen ikkje rettar seg etter eit pålegg om buplikt, kan eigedommen i ytste konsekvens verte seld på tvangsauksjon.

Ei omstridd ordning

Eit hovudargument for buplikta er å sikre lokal kontroll over lokale ressursar. Argumenta mot tek ofte utgangspunkt i at ordninga strir med prinsippet om fri eigedomsrett.

Ein grunntanke i odelsretten er å verne om den eigedomsretten gardbrukaren har til jorda han dyrkar, og som både heim og yrke er knytt til. Dette omsynet til ein sjølvstendig landbruksnæring kan stå i motsetnad til ønske eigaren kan ha om fritt å disponere eigedommen. Buplikt vil, saman med alminneleg odels- og åsetesrett, vere med å halde prisen på landbrukseigedommar nede. Slik vernar buplikta strukturen i den norske landbruksnæringa, men buplikta strir mot prinsipp om fri flyt av kapital. Ordninga er difor omstridd.

Buplikt på bustadeigedommar

Buplikt kan òg gjelde ved erverv av bustadeigedommar. Dersom der er nødvendig for å hindre at eigedommar som bør brukast til heilårsbustad i staden berre blir brukte til fritidsbustad, kan Kongen på oppmoding frå ein kommune gje forskrift om konsesjon ved kjøp av eigedom med heilårsbustader eller eigedom som i reguleringsplan er lagt ut til bustadområde.

Kommunen kan då gje buplikt som eit konsesjonsvilkår. Ein kjøpar som forpliktar seg til å syte for at eigedomen skal nyttast til heilårs bustad for han sjølv eller for andre, er friteken for konsesjonsplikt. Buplikta på bustadeigedomar er m.a.o. ei upersonleg buplikt.

Kommunar med buplikt på bustadeigedom

Desse kommunane har forskrifter om redusert konsesjonsgrense slik at det i heile eller delar av kommunen kan oppstå buplikt ved kjøp av bustadeigedom (lista treng ikkje vere fullstendig):

Østfold

Skjeberg i Sarpsborg kommune
Onsøy i Fredrikstad kommune
Hvaler kommune

Akershus

Frogn kommune
Vestby kommune

Hedmark

Folldal kommune
Eidskog kommune
Nord-Odal kommune

Oppland

Vågå kommune
Øystre Slidre kommune
Vestre Slidre kommune
Øyer kommune
Vang kommune
Skjåk kommune
Dovre kommune
Gausdal kommune
Lesja kommune

Buskerud

Sigdal kommune
Krødsherad kommune
Hemsedal kommune
Hol kommune
Ål kommune
Gol kommune
Hurum kommune
Nes kommune i Buskerud

Vestfold

Svelvik kommune
Tjøme kommune
Stokke kommune
Larvik kommune
Nøtterøy kommune

Telemark

Porsgrunn kommune
Risør kommune
Bamble kommune
Kragerø kommune
Drangedal kommune
Fyresdal kommune
Nissedal kommune
Hjartdal kommune
Tokke kommune
Vinje kommune
Kviteseid kommune

Aust-Agder

Arendal kommune
Tvedestrand kommune
Bykle kommune
Lillesand kommune
Grimstad kommune

Vest-Agder

Kvinesdal kommune
Søgne kommune
Lindesnes kommune
Lyngdal kommune
Mandal kommune
Sirdal kommune

Rogaland

Kvitsøy kommune
Finnøy kommune
Forsand kommune
Suldal kommune

Hordaland

Granvin herad
Osterøy kommune
Modalen kommune

Sogn og Fjordane

Vik kommune

Møre og Romsdal

Smøla kommune

Sør-Trøndelag

Oppdal kommune
Meldal kommune
Røros kommune

Nord-Trøndelag

Meråker kommune

Nordland

Herøy kommune i Nordland
Dønna kommune
Steigen kommune
Vågan kommune
Gildeskål kommune
Hamarøy kommune

Fotnotar

Bakgrunnsstoff