Crossrail er eit prosjekt som går ut på å bygge eit stort nytt jarnbanesamband under det sentrale London. Namnet blir òg brukt som ein referanse til den første linja som er planlagd bygd i prosjektet, ei linje som baserer seg på ein tunnel frå aust til vest mellom Paddington og Liverpool Street. Formelt heiter linja Crossrail Line 1.
Statsminister i England, Gordon Brown gav offisielt grønt lys til Crossrail Line 1 den 5. oktober 2007, etter at finansieringa, med både offentlege og private aktørar, kunne dekka den fyrste linja. Finansieringa blei ordna i juli 2008, då parlamentet godkjende bygginga. Det innebar at Transport for London fekk eigarskapet av Cross London Rail Links Ltd, eit promoteringsselskap som tidlegare var eigd både av TfL og transportdepartementet.
Går alt etter planen kjem dei fyrste toga til å gå i 2017. Toga vil gå i om lag same tempo som London Underground-toga, og vil utfylle Thameslink-ruta. Billettypane vil truleg bli dei same som i resten av transportsystema i London, med Travelcard innanfor Stor-London og Oyster card på heile linja (bortsett frå Heathrow-greina, der eigne system vil halda fram). Crossrail har ofte blitt samanlikna med RER-systemet i Paris, grunna lengda på tunnelen under sentrum. Crossrail vil bli integrert med London Underground, og vil truleg dukka opp på undergrunnskartet.
Den fyrste linja er basert på eit par nye tunnelar under det sentrale London, som vil binde Great Western Main Line nær Paddington til Great Eastern Main Line nær Stratford. Ei andre grein vil bli splitta ut frå Whitechapel, gå gjennom Docklands, og koma opp ved Custom House på ei Nord-London-linje, som ikkje er i bruk, for så å gå under Themsen. Toga vil gå frå Maidenhead og Heathrow i vest til Shenfield and Abbey Wood i aust, og vil ta over dei eksisterande endestasjonane på desse rutene.
Hovudkonstruksjonsdelane er:
Den nye stasjonen ved Woolwich blei lagt inn i planen etter at The House of Commons Select Committee la fram eit krav om det i 2006. Styresmaktene var i utgangspunktet negative til forslaget, då dette ville gi store ekstrakostnader, men godtok det etter at ei finansiell ordning var på plass.
Det har òg vore kampanjar for å utvida linja til Reading og Ebbsfleet. Transportdepartementet har som ei følgje garantert at linja skal gå til Reading, sjølv om det har blitt gjort klart at det er ingen planar om å utvida linja forbi Maidenhead. Ei utviding til Ebbsfleet framleis under vurdering.
Den delen av linja som på bli lagt i tunnel er 16 km lang; eit vanskeleg og dyrt ingeniørteknisk prosjekt, grunna to faktorar: Geologien i London, og dei mange eksisterande tunnelane som allereie finst under London. Tunnelane vil vere doble, og begge vil ha ein diameter på 6 m Arkivert 2008-09-20 ved Wayback Machine., store samanlikna med 3.8 m i diameter på allereie eksisterande linjer. I motsetnad til dei meir vanlege elektrisitetsstandarane på London Underground og North Kent-linja, vil Crossrail nytta 25 kV, 50 Hz AC Overhead Line over bakken og eit kontaktleiarsystem i tunnelane, det same systemet som på Great Eastern Main Line og Great Western Main Line (til Heathrow). Tunnelen under det sentrale London vil gå mellom allereie eksisterande tunnelar.[daud lenkje].
Fleire ruter har vore inkluderte i tidlege utkast til Crossrail, men blei seinare droppa. Desse inkluderer:
Allereie i 1974 la eit utval leia av David Barran fram eit framlegg om to nye jarnbanelinjer under London, for å binde Paddington og Liverpool Street saman via Marble Arch og Ludgate Circus; og ei anna linje mellom London Bridge og Victoria. Kostnaden av desse to linjene, saman med gjenopninga av Snow Hill-tunnelen for å forma Thameslink, var rekna til om lag 300 milliona pund.
Ei rute frå aust til vest blei lagt fram på ny tidleg i 1990-åra, men planen blei avvist av parlamentet i 1994. Dette framlegget innebar å førebu den eksisterande vognparken, med konseptteikningar som innebar British Rail Class 341. Ei rekkje alternative ruter på vestsida var under vurdering, inkludert linjer til Amersham og Watford i nord-vest, og Reading i vest. Alle dei har no blitt droppa til fordel for hovudlinja.
Crossrail Line 1 har no fått støtte av styresmaktene, som introduserte eit forslag om ei delt rekning: den komplette teksten kan bli funne her. Rekninga er akkompagnert av annan relevant informasjon. Parlamentet godkjende framlegget, og konstruksjonen vil derfor kunne ta til i 2010, og bli ferdig i 2017.
Sjølv om Crossrail lenge har hatt støtte frå både politikarar og næringsverksemda i London, har prosjektet lenge hatt usemje om finansieringa. Det noverande framlegget gjer at rekninga på om lag 16 milliardar pund vil bli dekka dels av det offentlege og dels privat, med selskap i London som dei viktigaste bidragsytarane.
Nokre politikarar frå Aust-London er kritiske til prosjektet, då dei ser på det som eit prosjekt som berre gagnar forretningane i City og Docklands, noko dei meiner vil føre til eit samanbrot for Aust-London.
Nokre godstogselskap, blant anna EWS, er sterkt kritiske til dei noverande planane, då dei vil bruke opp det meste av ledige jarnbanespor i London-området, og legg ikkje til nok ekstrakapasitet på dei tilknytte linjene. Dette vil gjere det vanskelegare for godstog å transportera på linjene i London, og gjera det slik at tidene for godstransport blir lengre og med det mindre lønsamt for bedriftene. EWS kan reise sak mot prosjektet dersom det bryt loven for Storbritannia og EU. Ei slik rettssak vil kunne utsetje prosjektet med mange år.
Det er merkbar motstand i Reading då Crossrail vil ha endestasjonen på Maidenhead og ikkje på Reading. Arkivert 2007-12-23 ved Wayback Machine.. Både styresmaktene og dei som promoterer prosjektet har likevel opna for at det seinare kan bli bygd ei utviding til Reading om marknaden er god nok til det.
For at Crossrail skulle få lovleg fullmakt, måtte parlamentet godkjenna den delte rekninga. Departementet hadde av den grunn sett ned eit utval for å evaluera denne. I 2005 blei medlemmane namngjevne. Dei var Katy Clark, Kelvin Hopkins, Sian James, Alan Meale, Linda Riordan og Sir Peter Soulsby frå Labour Party; Brian Binley, Philip Hollobone og Ian Liddell-Grainger frå Conservative Party og John Pugh frå Liberal Democrats.
Nokre kommentatorar nemnde den openberre mangelen av Crossrail i kviteboka Delivering a Sustainable Railway publisert den 24. juli 2007. I kviteboka stod det derimot at omfanget avgrensar seg til prosjekt som er ferdigstilte mellom 2009 og 2014, noko som gir meining i og med at Crossrail ikkje er planlagd ferdigstilt før i 2017.
I november 2008 stadfesta Englands transportminister Lord Adonis at finansieringa ikkje er i fare, trass i den globale finanskrisa.
Cross London Rail Links Ltd er selskapet som har ansvaret for konstruksjonen av Crossrail. Det var før eigd av Transport for London og transportdepartementet, no berre av Transport for London, og har ein finanspakke på 16 milliardar pund på plass for konstruksjonen. Etter planen går dei fyrste toga i 2017, dersom ikkje konstruksjonen blir forsinka av ymse årsaker
Alternative ruter Richmond-greina Denne greina ville ha tatt over for District-linja frå Turnham Green til Richmond, og så forbi stasjonen til Kingston via ein tunnel. Grunna motstand frå lokale politikarar, høge kostnadar og tvil om kor mykje greina ville løna seg, blei ikkje linja tatt med i dei noverande planane Hounslow-greina Grunna avvisinga av Richmond-greina, har det blitt lagt fram eit forslag om ei rute frå Paddington til Hounslow, som nyttar ei eksisterande linje. Woolwich Det blei lagt på press for at ein stasjon ved Woolwich skulle bli teke med i rekninga, men styresmaktene avviste forslaget grunna svært høge kostnader. Etter avvisinga blei det derimot lagt ein ny plan for koss dei 162 millionane med pund kunne koma på plass. Den 22. mars 2007 annonserte styresmaktene at Woolwich-stasjonen skulle bli teke med i rekninga. Det er planlagd at stasjonen skal bli lokalisert mellom to stasjonar på Abbey Wood-greina: Custom House og Abbey Wood. |
Maidenhead- og Heathrow-greinene går i saman ved Airport Junction, mellom stasjonane West Drayton og Hayes and Harlington.
Cross London Rail Links Ltd har òg teke over London Underground sine planar om ei linje mellom Chelsea og Hackney, somme gonger referert til som "Merton-Hackney". Ruta har vore garantert av styresmaktene sidan 1991, og ein konsultasjon frå 2007 gir den følgjande ruta:
Denne linja er kjent som Chelsea - Hackney line og vil ikkje blir bygd før etter Crossrail Line 1. Dei noverande planane er framleis vage, og det er uvisst om linja blir bygd etter standarane til National Rail eller London Underground. Ruta inkluderer og ei grein til Victoria Stasjon under Battersea Park i retning mot Clapham Junction (men ikkje heilt til stasjonen)