Det armenske folkemordet

Armenarar blir tvinga til å marsjera til eit fengsel ved Mezireh av osmanske soldatar i april 1915.

Det armenske folkemordet var ei etnisk reinsking av armenarar frå Det osmanske riket under det ungtyrkiske styret i 1915–1920. Eit stort tal armenarar blei tvangsdeporterte eller drepne. Anslaga for kor mange menneske som døydde varierer mellom minst 300 000 til litt over 1,5 millionar.

Omtalen og nemninga på folkemordet er omstridd. Tyrkiske styresmakter nektar for at hendingane var eit folkemord, eller at drapa var planlagde. Å hevda det motsette kan straffast under tyrkisk lov.

Den offisielle minnedagen for det armenske folkemordet er 24. april.

Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 Fosshagen, Kjetil (11. januar 2019). «Det armenske folkemordet». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. «Armenian Genocide | History, Causes, & Facts», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 30. juni 2019 
Spire Denne historieartikkelen som har med Tyrkia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.