Dominikanarklosteret i Bergen er eit tidlegare kloster i Bergen som låg inne på noverande Bergenhus festning, på nordsida av Håkonshallen. Klosteret er berre kjend frå skriftlege kjelder, og ein har ikkje funne spor av det i moderne tid.
Klosteret vart grunnlagt ein gong mellom 1243 og 1247, i regjeringstida til Håkon Håkonsson. Det er fyrste gong omtalt i 1247. Truleg var det opphavleg bygd av tømmer, men i 1500 er det tale om at ei murkyrkje er under oppføring og samstundes fleire murbygningar i klosteret. Eit riksrådmøte vart halde i klosteret i 1524. I 1528 brann klosteret ned til grunnen. Det er sidan ikkje funne restar av anlegget.