Erinyer (gresk Ἐρῑνύες, fleirtal av Ἐρῑνύς; 'dei mørke' eller 'dei sinte') var kvinnelege ktoniske hemngudinner i gresk mytologi. Dei blei tidvis omtalte som «underjordiske gudinner» (χθόνιαι θεαί). Ein formelpregea eid i Iliaden påkalla dei som «dei som under jorda straffar den som har svore falskt».
Theogonien til Hesiod fortel at erimnyene oppstod frå bloddropane som fall på jorda (Gaia) då titanenKronos kastrerte faren sin Uranos. I andre myter oppstod dei frå Nyx (Natta), eller frå samkvem mellom lufta og jorda (Eter og Gaia).
Kjelder
↑Ἐρινύς i: Liddell, Henry George; Scott, Robert: A Greek–English Lexicon hos Perseus Project.
↑Av usikker etymologi; samband med verbet ὀρίνειν, orinein, «å løfte, røre, vekke, opphisse» og substantivet ἔρις, eris, «strid», «ufred» er blitt føreslått; R. S. P. Beekes har foreslått eit førgresk opphav, jf. Etymological Dictionary of Greek, Brill, 2009, s. 458–459.