Det vestlege Middelhavet år 509 f.Kr., prega av tre stormakter: Etruskarane, grekarane og karthagane, forutan ein komande makt i byen Roma.
Etruskarane var eit folk som levde i det antikke Italia og Korsika frå 700-talet f.Kr. Dei budde i Etruria i noverande Toscana og nordlege Latium , og snakka etruskisk . Roma var truleg prega av etruskarar i byrjinga, og etruskisk kultur har derfor hatt stor påverknad på Romarriket og ettertida.
Det var romarane som kalla etruskarane Etrusci eller Tusci . Det attisk greske ordet for dei var Tyrrhēnioi (Τυρρήνιοι), noko som gav latinsk Tyrrhēni for etruskarane og Tyrrhēnum mare for havområdet no kjend som Det tyrrenske havet . Sjølv kalla folket seg rasenna , ifølge Dionysios frå Halikarnassos , I.30.3.
Etruskarane hadde si største utbreiing i førstetida til Roma og under det romerske kongedømet . Dei hadde tre byforbund : Av Etruria , av Podalen med dei austlege Alpane , og av Latium og Campania . Medan Roma låg i etruskisk område og opphavleg hadde mykje etruskisk kultur, blei etruskarane gradvis tekne opp i det italiske Roma i løpet av Den romerske republikken .
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Litteratur
Antikke kjelder:
Moderne kjelder:
Barker, G.; T. Rasmussen (1998): The Etruscans . London: Blackwell.
Bloch, Raymond (1969): The ancient civilization of the Etruscans . New York: Cowles Book.
Bonfante, Larissa; et al. red. (1986). Etruscan Life and Afterlife: a Handbook of Etruscan Studies . Warminster: Aris and Phillips.
Bonfante, Larissa (1990): Etruscan . University of California Press. ISBN 0-520-07118-2 .
Bonfante, G.; L. Bonfante (2002): The Etruscan Language. An Introduction . Manchester University Press.
Brendel (1995): Etruscan art . New Haven: Yale University Press.
Dennis, George (1848): The Cities and Cemeteries of Etruria . London: John Murray. Tilgjengeleg Gazeteer ved Bill Thayers nettstad
Freeman, Edward Augustus (1893): History of Federal Government in Greece and Italy . London, New York: Macmillan and Co.
Greenidge, A. H. J. (2003): A History of Rome During the Later Republic and Early Principate .
de Grummond, Nancy & Erika Simon(red.) (2006). The Religion of the Etruscans . University of Texas Press. ISBN 0-292-70687-1 .
Hampton, C. (1969): The Etruscans and the survival of Etruria . London: Victor Gollancz.
Haynes, S. (2000): Etruscan Civilization . Los Angeles: The J. Paul Getty Trust.
Maetzke, Guglielmo (1969): The Art of the Etruscans .
Macnamara, E. (1973): Everyday Life of the Etruscans . London: B. T. Batsford.
Massa, Aldo (1989): The Etruscans . Editions Minerva.
Pallottino, M. (1975): The Etruscans . London: Penguin Books.
Richardson, Emeline (1964): The Etruscans: Their Art and Civilization . Chicago: University of Chicago Press.
Roldán Hervás, José Manuel (2000): Historia de Roma . Salamanca: Ediciones Universidad de Salamanca.
Spivy, N.; S. Stoddart (1990): Etruscan Italy . London: Batsford.
Stillwell, Richard, red. (1976): Princeton Encyclopedia of Classical Sites .
Torelli, Mario, red. (2000): Gli Etruschi . Milan: Bompiani.
Nettstader
]
Generelle
Genetikk
Byar og funnstader
Kunst