Europakommisjonen

Europakommisjonen

Skipa1. januar 1958
HovudkontorBrussel
LeiarUrsula von der Leyen
Tilsette32 399 (2019) Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttps://ec.europa.eu/ Sjå dette på Wikidata
Europakommisjonen i Brussel.

Europakommisjonen er EU sitt fremste utøvande organ, og er den einaste institusjonen i EU som kan føre eit lovforslag i pennen. I tillegg har han også enkelte lovgivande funksjonar, som å kontrollere at medlemslanda rettar seg etter dei ulike EU-traktatane.

Kommisjonen består av 27 kommissærar, ein frå kvart medlemsland i EU. Presidenten for organet er portugisiske José Manuel Durão Barroso.

Medlemmer

Kvar av kommissærane har ansvar for eit bestemt politisk område. Presidenten blir vald av Det europeiske råd, og blir godkjent av Europaparlamentet. Dei resterande kommissærane blir valde av regjeringane i kvar enkelt medlemsstat i samsvar med presidenten. Kommissærane skal representere heile unionen, og har slik sett ikkje lov å motta instruksjonar frå sitt eige land sine myndigheiter.

Noverande medlemmer

Dei 27 kommissærane er:

Presidentar i Europakommisjonen

President Innsett Forlét stillinga
1 Flagget til Tyskland Walter Hallstein 1958 1967
2 Flagget til Belgia Jean Ray 1967 1970
3 Flagget til Italia Franco Maria Malfatti 1970 1972
4 Det nederlandske flagget Sicco Mansholt 1972 1973
5 Flagget til Frankrike François-Xavier Ortoli 1973 1977
6 Det britiske flagget Roy Jenkins 1977 1980
7 Flagget til Luxembourg Gaston Thorn 1981 1984
8 Flagget til Frankrike Jacques Delors 1985 1995
9 Flagget til Luxembourg Jacques Santer 1995 1999
10 Flagget til Italia Romano Prodi 1999 2004
11 Flagget til Portugal José Manuel Barroso 2004 2014

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Europakommisjonen