Fathi Arafat

Fathi Arafat
Statsborgarskap Egypt
Fødd 11. januar 1933
Kairo
Død

1. desember 2004 (71 år)
Kairo

Yrke lege, politikar
Språk arabisk, egyptisk arabisk

Dr. Fathi Arafat (fødd 1933 i Jerusalem, død 1. desember 2004) var president i palestinarane sin Raude Halvmåne frå 1978 og fram til han døydde, og var ein yngre bror av Yasir Arafat.

Gjennom leiarstillinga si i Raude Halvmåne var han også fungerande helseminister for palestinske flyktningar som lever utanfor Gaza og Vestbreidda. Fathi var utdanna innan medisin ved universitetet i Kairo, og tok eksamen der i 1957. I 1998 vart han æresdoktor (Honorary Doctorate of Science) ved det internasjonale universitetet i Sri Lanka.

Andre verv

  • Medlem av Det palestinske nasjonalrådet (PNC) frå 1967.
  • Hovuddelegat ved WHO sin årlege World Health Assembly i Genève frå 1982.
  • President i Palestine Higher Council of Health (PCH) frå 1992.
  • President i Palestine Academy for Science and Technology (tidlegare Palestine Academy for Scientific Research) frå 1992.

Han døydde av magekreft på eit sjukehus i Kairo.

Bakgrunnsstoff