Felix Baumgartner | |
Verkeleg namn | Felix Baumgartner |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 20. april 1969 Salzburg i Austerrike |
Yrke | fallskjermhopper, militær, racerbilfører, boksar, stuntmann |
Kjend for | Fallskjerm- og BASE-hopping |
Språk | engelsk, tysk |
Partnar | Mihaela Rădulescu |
Nettstad | http://felixbaumgartner.com/ |
Felix Baumgartner på Commons |
Felix Baumgartner (fødd 20. april 1969 i Salzburg) er ein austerriksk fallskjerm- og BASE-hoppar. Han er kjend for spesielt farlege stunt han har utført karrieren sin. I det austerrikske militæret nytta han tida til å praktisere fallskjermhopping, inkludert å lande på små område. Under det siste prosjektet Red Bull Stratos, der han sette tre av dei mange verdsrekordane sine, vart han frakta opp til stratosfæren i ein heliumsballong, for så å hoppe attende til jorda.
14. oktober 2012 sette han verdsrekord for høgaste ballongferd med mannskap (39 045 m), høgaste fart under fritt fall (1 342 km/t) og fallskjermhopp frå høgaste høgd (39 045 m) då han hoppa til jorda frå ein heliumsballong i stratosfæren. Han sette òg rekord på nettstaden YouTube då åtte millionar menneske såg hoppet direkte.
Baumgartner vart fødd 20. april 1969 i Salzburg i Austerrike.
I 1999 sette han verdsrekord for høgaste fallskjermhopp får ein bygning då han hoppa frå Petronas Towers i Kuala Lumpur i Malaysia. 31. juli 2003 vart Baumgartner den fyrste personen til å hoppe i fallskjerm over Den engelske kanalen med ein spesiallaga karbonfibarvinge. Han har òg sett verdsrekord for det lågaste BASE-hoppet nokonsinne, då han hoppa 95 meter frå handa til Kristusstatuen i Rio de Janeiro i Brasil.
27. juni 2004 vart han den fyrste personen som BASE-hoppa frå Millau Viaduct i Frankrike[treng kjelde], og den fyrste personen som hoppa i fallskjerm frå Turning Torso i Malmö i Sverige 18. august 2006. 12. desember 2007 vart han den fyrste personen som hoppa frå Taipei 101 i Taiwan, som då var den høgaste bygningen i verda.[treng kjelde]
I januar 2012 vart det rapportert at Baumgartner arbeidde med ei gruppe forskarar og sponsoren Red Bull for å sette rekord i fallskjermhopp frå høgaste høgd.. Baumgartner hadde problem med klaustrofobi etter å ha sitte i ein spesiallaga dress, men fekk hjelp frå ein idrettspsykolog og andre spesialistar.
Baumgartner skulle opphavleg hoppe 9. oktober 2012, men turen vart broten av på grunn av vind. Hoppet vart dimed utsett til 14. oktober. Han landa i det austlege New Mexico i USA etter å ha hoppet frå ei høgd 39 045 meter. I tillegg sette han rekord for høgaste ballongferd med mannskap i same høgd og høgaste fart under fritt fall på 1 342 kilometer i timen, noko som gjer han til det fyrste menneske som bryt lydmuren utan hjelp frå eit køyretøy. Baumgartner var i fritt fall i fire minutt og 20 sekund, 16 sekund kortare enn då Joseph Kittinger, som hadde den tidlegare verdsrekorden, hoppa i 1960.