Galați | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Romania | ||
Fylke | Galați | ||
Først nemnd | 1445 | ||
Borgarmeister | Dumitru Nicolae | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
246,3 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2021) - folketettleik |
217 851 884,5 /km² | ||
Koordinatar | 45°25′24″N 28°2′33″E / 45.42333°N 28.04250°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 800522 | ||
Retningsnummer (tlf) | +40 02 36 | ||
Bilnummer | GL | ||
Nettstad: www.primaria.galati.ro |
Galați (/ga'laʦʲ/, tyrkisk Kalas, tysk Galatz, polsk Gałacz) er ein by aust i Romania (Moldavia), og hovudstaden i Galați fylke ved breidda av Donau. Han har om lag 220 000 innbyggjarar og er den sjuande største byen i landet. Han ligg nær byen Brăila, og det er planar om at dei to byane saman med omliggande kommunar skal danne eit sams storbyområde for nedre Donau.
Namnet på byen kjem truleg frå kumansk galat, som er eit låneord frå det arabiske qal'at, som tyder «festning». Andre teoriar er at namnet kjem frå det serbiske ordet galac. Det keltiske ordet Galatia (Gallia) er eit anna, men lite truleg, opphav.
Byen vart først nemnd i 1445. Under den russisk-tyrkiske krigen i 1789 vart Galaţi sett i brann av russiske styrkar leia av Mikhail Kamenskij.
I 1907 fann eit bondeopprør stad i og rundt byen, men det vart slått ned av den rumenske hæren.
Galați er ein municipiu (større bykommune) med den eine busetnaden:
Folketal 2011 | Folketal 2021 | |
---|---|---|
Galați | 249 432 | 217 851 |