Ein googolplex er det naturlege talet 10(10100), eller 10googol, som i teorien kunne vore skrive som 1 med 10100 nullar bak (men det er sjølvsagt ikkje plass til so mange nullar i universet, uansett kor lita skrifta er). Talet kan også skrivast slik:
Talet er større en noko vi kan jamføre med i universet, og har knapt praktisk meining. Uttrykket googolplex vart oppfunne i 1938 av matematikaren Edward Kasner, etter at nevøen hans hadde laga ordet googol.
Hovudkvarteret til dataselskapet Google, Googleplex, er oppkalla etter dette talet.