Ivan Bunin | |
Verkeleg namn | russisk Иван Алексеевич Бунин |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet, Frankrike |
Fødd | 22. oktober 1870 Voronezj |
Død |
8. november 1953 (83 år) |
Yrke | skribent, omsetjar, lyrikar, prosaforfatter, skodespelforfattar |
Språk | russisk |
Medlem av | Russian Academy |
Ektefelle | Anna Nikolajevna Tsakni, Vera Mouromtseva-Bounina |
Ivan Bunin på Commons |
Ivan Aleksejevitsj Bunin (fødd 10. oktoberjul./ 22. oktober 1870greg. i Voronezj; død 8. november 1953 i Paris) var ein russisk forfattar, lyrikar og omsettar.
Bunin er mest kjend for sin realistiske prosa der hovudtemaet er livet på landsbygda i det førrevolusjonære Russland. Han held såleis fram den russiske 1800-tals tradisjonen med realistisk litteratur, jfr. Anton Tsjekhov, Leo Tolstoj og andre.
I 1933 blei Bunin som den første russar tildelt Nobelprisen i litteratur «for den strengt kunstnarlege måten han fortsette den klassiske russiske prosalitterære tradisjonen.»
Ivan Bunin forlèt Sovjetunionen etter Oktoberrevolusjonen og busette seg i Frankrike. Som ein av dei siste forfattarane i den russiske «klassikargenerasjonen», blei han sett på med vørdnad under emigrasjonen. I verka sine frå denne tida tar han bestemd avstand frå Oktoberrevolusjonen og Sovjetunionen.
Sovjetregimet rehabiliterte han i 1956, og det blei lovleg å gje ut verka hans igjen.