Julija Tymosjenko | |||
| |||
Fødd | Юлія Володимирівна Тимошенко 27. november 1960 (63 år) Dnipro | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Sovjetunionen, Ukraina | ||
Yrke | samfunnsøkonom, politikar, gründer | ||
Utdanna ved | Dnipro University of Technology Oles Honchar Dnipro National University | ||
Mor | Lyudmila Telehina | ||
Far | Volodymyr Hrihyan | ||
Ektefelle | Oleksandr Tymoshenko | ||
Barn | Yevhenia Tymoshenko | ||
Medlem | 8. Verchovna Rada 9. Verchovna Rada 6. Verchovna Rada 5. Verchovna Rada 4. Verchovna Rada 3. Verchovna Rada | ||
Alle verv |
|
Julija Volodymyrivna Tymosjenko (fødd 27. november 1960) er ein ukrainsk politikar og leiar for partiet Fedrelandsforbundet (Батьківщина). Ho var statsminister i Ukraina frå 18. desember 2007 til 4. mars 2010, då regjeringa vart avsett gjennom mistillitsvotum i nasjonalforsamlinga Verkhovna Rada. Tymosjenko var òg statsminister i landet frå 24. januar til 8. september 2005. Julija Tymosjenko sat fengsla frå 2011 til 22. februar 2014 då ho vart sloppen fri etter eit vedtak i Verkhovna Rada. Vedtaket vart pressa fram etter dei langvarige demonstrasjonane kalla Euromajdan med utgangspunkt i Majdan-plassen i Kiev.
Tymosjenko blir rekna som ein av dei mest vestlegorienterte og liberale politikarane i Ukraina. Ho vart omtalt som dronninga til oransjerevolusjonen. Tymosjenko har tidlegare vore visestatsminister då Viktor Jusjtsjenko var statsminister i landet.
Tymosjenko fekk tilnamnet «gassprinsessa» då ho vart rik gjennom privatiseringar av energisektoren i landet medan ho var energiminister. Det blir anteke at ho har ein formue på rundt 60 milliardar kroner.
Ho var motstandar av det russlandsvennlege Kutsjma-regimet, og opplyste at ho ville rettsforfølgje medlemmer av det gamle regimet for korrupsjon. Den 8. september 2005 vart ho og regjeringa hennar avsett av president Jusjtsjenko etter ei rekkje avgangar sentralt i styringsverket og skuldingar om korrupsjon. Den 18. desember 2007 vart ho igjen vald til statsminister i Ukraina. Valet viste eit knappast mogleg fleirtal for henne, ho fekk 226 av dei 450 stemmene i nasjonalforsamlinga. Medan forholdet mellom president Jusjtsjenko og Tymosjenko har forverra seg, har Tymosjenko forbetra forholdet sitt til Russland og statsminister Vladimir Putin.
Tymosjenko var kandidat til presidentvalet i Ukraina i 2010, der ho stilte for alliansen Julija Tymosjenkos blokk. I første valomgang 17. januar fekk ho med 25,1 % nest flest stemmar og gjekk vidare til andre valomgang 7. februar. I andre valomgang fekk Viktor Janukovytsj 49 % av stemmane, mot 45,5 % for motstandaren Tymosjenko. Tymosjenko vart i oktober 2011 dømt til sju års fengsel for maktmisbruk. Ifølgje retten «gjekk ho utover fullmaktene sine då ho som statsminister inngjekk gasskontraktar med Russland». Påtalemakta meinte kontraktane skadd Ukraina økonomisk.
2. oktober 2013 kravde Europarådet si parlamentarikerforsamling at Tymosjenko måtte lauslatast.
Tymosjenko vart lauslaten 22. februar 2014 etter fleire månader med uro i Ukraina. Den formelle grunngjevinga var at dei tilhøva ho var dømd for no var avkriminaliserte.