Jutta Urpilainen | |||
| |||
Fødd | 4. august 1975 (48 år) Lappo | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Finland | ||
Yrke | politikar, lærar | ||
Utdanna ved | Jyväskylä universitet | ||
Far | Kari Urpilainen | ||
Ektefelle | Juha Mustonen | ||
Alle verv |
|
Jutta Urpilainen (fødd 4. august 1975 i Lapua) er ein finsk politikar for SDP. I 2019 vart ho utnemnd som europakommissær i Von der Leyen-kommisjonen, med ansvar for internasjonalt samarbeid. Ho var frå 2008 til 2014 leiar av sitt parti og var til 2014 finansminister i Finland.
Urpilainen var Erasmus-student i Wien i 1998 og fekk mastergrad i pedagogikk frå universitetet i Jyväskylä i 2002. Ho arbeidde som lærar frå 2001 til 2003. Urpilainen vart vald inn til den finske riksdagen i 2003, og attvald i 2007, 2011 og 2014.