Kampsport eller kampkunst er ei samlenemning på systematisert kamp mellom to eller fleire personar. Oftast foregår kampaktivitetane utan bruk av moderne våpen. Ein kan studere kampsport for sjølvforsvar, sjølvutvikling, mental trening og fysisk trening.
Ulike kampaktivitetar
Kampaktivitetar kan nytte ulike teknikkar som gripeteknikkar, kasteteknikkar, låseteknikkar, slag, spark og bruk av våpen. Her følgjer ei liste over ein del kampaktivitetar gruppert etter kva teknikkar som er mest framtredande for aktiviteten. Det er også oppgjeve kvar aktiviteten har opphavet sitt.
Mjuke kampaktivitetar
Mjuke kampaktivitetar legg i hovudsak vekt på kaste og låseteknikk.
Tradisjonelle asiatiske kampaktivitetar har ofte namn som endar på -jutsu (kunst). Moderne asiatiske kampaktivitetar, som i hovudsak har fått si noverande form på 1900-talet, har ofte namn som endar på -do (veg).