Kautokeino

Kautokeino
Guovdageaidnu
tettstad
Kautokeino med Kautokeino kyrkje.
Foto: Giorgio Montersino
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Kautokeino
Areal 2,59 km²
Folketal 1 459  (2023)
Folketettleik 563 / km²
Postnummer 9520 KAUTOKEINO
Kart
Kautokeino
69°00′44″N 23°02′27″E / 69.01222222°N 23.04083333°E / 69.01222222; 23.04083333
Wikimedia Commons: Kautokeino tettsted

Kautokeino (nordsamisk Guovdageaidnu) er ein tettstad og administrasjonssenteret i Kautokeino kommune, sør i Finnmark fylke. Tettstaden ligg på begge sidene av Kautokeinoelva og har 1 459 innbyggjarar per 1. januar 2023, som er om lag halvparten av folketalet i kommunen.

I Kautokeino finst kommunehuset og servicetilbod, som daglegvarebutikk og bensinstasjon. I sentrum ligg Samisk høgskole og Samisk videregående skole og reindriftsskole. Sør for sentrum står Kautokeino kyrkje, på austsida av Kautokeinoelva.

Geografi

Tettstaden ligg på 23. austlege lengdegrad, noko m.a. byen Alta og tre tettstadar i Alta kommune også gjer: Tverrelvdalen, Rafsbotn og Amtmannsnes. Tettstaden si høgd over havet er 319±1 meter.[treng kjelde]

Historie

Kautokeino er kjend for å vere heimstaden til Kautokeinoopprøret i 1852, eit opprør mot norsk framferd i Sameland.

Samferdsel

Riksveg 93 forbind tettstaden Kautokeino til Alta i nord, via Máze (Masi). Sørover fører riksvegen til riksgrensa mot Finland, med vidare forbindelse til Enontekiö. Nord for tettstaden ligg Kautokeino flyplass, ei tidlegare militær flystripe.

Sjå òg

Referansar

  1. «Kautokeino». Store norske leksikon. 28. oktober 2019. Henta 21. januar 2020.