Kongsvingerbanen | |
Kongsvinger stasjon | |
Info | |
Type | Jernbane |
System | Éinspora elektrifisert bane |
Status | I drift |
Utgangsstasjon | Lillestrøm stasjon |
Endestasjon | Charlottenberg stasjon |
Tal på stasjonar | 17 (13 med persontrafikk) |
Drift | |
Opna | 1862 |
Eigar | Bane NOR |
Operatør(ar) | Vy, SJ AB, Värmlandstrafik, CargoNet, Hector Rail |
Type trafikk | Person, Gods |
Loktypar | Di. 6, Di. 8, TMY, TMZ og BR 941 |
Teknisk | |
Sporvidde | 1 435 mm (normalspor) |
Lengde | 114,7 km (til riksgrensa) |
Største stigning | ø 5 ‰ (Sørumsand–Seterstøa) maks 13 ‰ (km 59,067 ved Årnes) |
Bruer | 62 |
Tunnelar | ingen |
Planovergangar | 70 |
Kongsvingerbanen er ein jernbane mellom Lillestrøm og Kongsvinger og vidare til svenskegrensa, der banen er knytt til Värmlandsbanan. Banen vart opna 3. oktober 1862 og elektrifisert i 1951. Strekninga frå Kongsvinger til grensa blir ofte omtalt som Grensebanen.
Banen er den eldste offentlege jernbanen i Noreg som var bygd med normalspor. Hovudbanen vart bygd med normalspor, men denne var ein privatbane fram til 1926.
Kongsvingerbanen gjennomgår ei omfattande modernisering. I 2019 blir Sørumsand stasjon bygd om. Fram til 2021 blir det elektriske anlegget fornya.
Solørbanen er knytt til Kongsvingerbanen på Kongsvinger stasjon. Ved Sørumsand stasjon er det overgang til museumsbanen Urskog-Hølandsbanen. Ved Lillestrøm stasjon er Kongsvingerbanen knytt til Hovudbanen. Tidlegare tok Vestmarkabanen ved Skotterud stasjon.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |