Kornisk Kernowek | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Keltisk Øykeltisk Brittonsk | |
Bruk | ||
Tala i | Storbritannia | |
Område | Cornwall | |
Kornisktalande i alt | 3500 | |
Skriftsystem | Latinsk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Cornwall | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | kw | |
ISO 639-2 | cor | |
ISO 639-3 | cor |
Kornisk (kornisk Kernowek) er eit keltisk språk, i den brittonske greina av dei øykeltiske språka. Den næraste slektningen til kornisk er bretonsk.
Kornisk vart snakka i Cornwall fram til slutten av 1700-talet, med spreidd kunnskap om rim, regler, og framfor alt stadnamn på kornisk gjennom 1800-talet. Revitaliseringa av kornisk tok til med Henry Jenner si Handbook of the Cornish Language, som kom ut i 1904. I dag har kornisk mellom 100 og 500 talarar, og kanskje så mange som 3500 som har kjennskap til språket.
Revitaliseringa av kornisk tar til med Henry Jenner sitt arbeid, i 1904. Etter det har det vorte utarbeidd fire ulike revisjonar av Jenner sitt arbeid, basert dels på ulike periodar av klassisk kornisk, og dels på ulike ortografiske prinsipp.
Sameint kornisk (Unified Cornish, UC) vart innført av Robert Nance med læreboka hans Cornish for All, 1929, og det representerer den første splittinga i revitaliseringsarbeidet til kornisk. Til skilnad frå Jenner, som tok utgangspunkt i 1700-talskornisk (moderne kornisk / seinkornisk), ville Nance sameine revitalisert kornisk med mellomalderkjeldene (derfor namnet). Sameint kornisk var det første praktiske framlegget til eit revitalisert kornisk, og det var i nesten 60 år den einaste standarden for revitalisert kornisk. Stavemåten var standardisert, og det Nance laga ord på basis av walisisk og bretonsk som ikkje var belagt i korniske tekstar, og publiserte dei i dei kornisk ordbøkena (1934, 1938).
På 1970-talet var sameint kornisk kritisert for ikkje å vere i stand til å uttrykke ein del fonologiske distinksjonar som må ha vore til stades i klassisk kornisk. Tidleg på 1980-talet publiserte Richard Gendall eit nytt system som var basert på 1700-tals-tekstar, t.d. Nicholas og John Boson, William Rowe og Thomas Tonkin. Dette systemet vart av tilhengarane kalla moderne kornisk, eller revidert moderne kornisk, for å skilje den moderne versjonen frå 1700-talskornisk. Motstandarane kalla det seinkornisk, for å la ordet "moderne" stå for all revitalisert kornisk.
Eit anna initiativ, som kom omtrent samstundes, kom frå Ken George. I 1986 presenterte han ei ny rettskriving, kernewek kemmyn, eller felles kornisk. Det tok utgangspunkt i mellomkornisk, men la ein fonologisk analyse til grunn, innretta ortografien etter denne fonologiske analysen, og presenterte reglar for uttale. Dette systemet fekk godkjenning av Kesva an Taves Kernewek/The Cornish Language Board, og fleirtalet av dei kornisktalande bruker dette systemet.
Felles kornisk møtte kritikk, ein av dei meir systematiske kritikarane var Nicholas Williams, som i 1995 presenterte kernowek unys amendys, eller revidert sameint kornisk. Dette systemet bygde, som namnet seier, vidare på sameint kornisk, og det la mellomkornisk til grunn. Revidert sameint kornisk prøver også å vere eit regelmessig system, men samanlikna med felles kornisk ligg det nærare dei attesterte tekstane.
Kornisk har fått støtte frå EU i revitaliseringsarbeidet, og The Cornish Language Development project har i 2007 sett i gang ein prosess for å kome fram til ein ortografi for kornisk.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |