Kristi forklaring, også kalla «Metamorfosen» og «Transfigurasjonen», er ein kristen festdag til minne om ei hending der «Læresveinane får sjå Jesu herlegdom», der Lukas-evangeliet fortel at «medan han bad, vart andletet hans som omskapt, og kleda vart skinande kvite.» Hendinga er skildra i alle dei synoptiske evangelia. Ifølgje bibelhistoria høyrer denne hendinga til før påskedag (jfr. Matteusevangeliet kap. 17).
Kristi forklaringsdag blir feira 6. august i mellom anna den katolske og den anglikanske kyrkja. I den norske kyrkja blir Kristi forklaringsdag idag feira siste sundagen før fastelavn.