Louis-seize-stil

Salon bleu (den blå salongen) i Louis-seize-stil på Musée Carnavalet i Paris.

Louis-seize-stil er den stilen som kjem til uttrykk i arkitektur, interiørkunst og møbelutforming i siste del av 1700-talet. I Noreg finn ein stilen representert i tida 1770 til 1810. Den oppsto i Frankrike etter midten av 1700-talet, vart særleg vanleg i kong Ludvig XVIs regjeringstid, 1774–93, og fekk i ettertid namn etter han (som på fransk heiter Louis XVI, Louis-seize). Stilen blir rekna som ein del av klassisismen, med kjenneteikn som rette linjer, symmetri og omfattande bruk av former og ornament frå antikken. Louis-seize-stilen avløyste rokokko og vart utvikla under påverknad av dei arkeologiske utgravingane i ruinbyen Pompeii, som gjorde formverda frå antikken betre kjent.

I Noreg er bygningar i denne stilen kjenneteikna av heil- eller halvvalma tak med svai, søylemotiv i fasaden og midtark. Gesimsen vart ofte utsmykka med tannsnitt og eggstav. Inngangsportalane vart gjerne uforma med klassiske søyler under ein trekanta eller bua gavl. Typisk for denne stilen er rifla listverk og dørspegel. Dørspeglane var gjerne ovale eller rombeforma. I ornamentikken finn ein motiv som urner, medaljongar, girlanderar og sløyfer.

Mesterhuset ved Stoltz' reparbane i Sandviksveien 60 i Sandviken i Bergen.

Døme på norske bygningar i louis-seize-stil:

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Louis-seize-stil