Marmorkyrkja

55°41′5.7840″N 12°35′21.797″E / 55.684940000°N 12.58938806°E / 55.684940000; 12.58938806

Marmorkyrkja
Frederikskyrkja
kyrkje
Foto: Ib Rasmussen
Stad Frederiksstaden i København
Arkitekt Nicolai Eigtved, Nicolas-Henri Jardin og Ferdinand Meldahl
Material Marmor
Innvigd 19. august 1894
 - Endringar 1749–1770 og 1877–1894
Kyrkjegard Det er ikkje kyrkjegard ved kyrkja
Preikestol I norsk marmor og teikna av arkitekt Emanuel Monberg
Døypefont To døypefontar; ein dåpsengel i bronse av Stephan Sinding og ein marmorfont av Joakim Skovgaard. Døypefonten til Sinding er ikkje nytta lenger og er stilt ut i museet tilknytt kyrkja.
Altartavle Altartavle i furu og stukk dekorert som marmor. Teikna av Meldahl og laga av bilethoggar Hans Christian Petersen, staffering av målaren C. N. Overgaard.
Orgel Marcussen & Søn-orgel frå 1963 med 51 stemmer
Sitjeplassar 900
Diverse På takterrassen står det 18 skulpturar i sink og i gatehøgde rundt kyrkja 14 i bronse av danske kyrkjefedre frå Ansgar til Grundtvig og Kierkegaard.
Kart
Marmorkyrkja
55°41′06″N 12°35′22″E / 55.685°N 12.589444444444°E / 55.685; 12.589444444444
Wikimedia Commons: Marmorkirken

Marmorkyrkja (Frederikskyrkja) er ei kyrkje som ligg i Frederiksstaden i København. Kyrkja har ei bygningshistorie på om lag 150 år bak seg. Grunnsteinen vart lagd ned av kong Fredrik V 31. oktober 1749 og ho vart innvigd 19. august 1894.

Kyrkja er bygd i den stilarten som vert kalla historismen, og vart opphavleg planlagd som ein del av Amalienborgaksen med Amalienborgslotta og slottsplassen i Frederiksstaden for å feire fyrstehuset Oldenburgs 300 år på den danske trona.

Nicolai Eigtved hadde det overordna ansvar og leverte sjølv utkast til kyrkja, men ingen av dei blei nytta. Etter at Eigtved dødde i 1754 fekk Laurids de Thurah ansvaret. Han dødde i 1759 og den franske arkitekten Nicolas-Henri Jardin tok då over. Jardin endra dei opphavlege planane og teikna ei klassisistisk kyrkje i norsk marmor. Bygginga tok til og pågjekk i fleire år inntil ho vert stoppa av økonomiske grunnar av Johann Friedrich Struensee i 1770. Byggverket var da 19 meter høgt og blei liggande som ein ruin.

I 1874 kjøpte forretningsmannen Carl Frederik Tietgen ruinen av Finansministeriet og forplikta seg til å fullføre kyrkja. Han engasjerte arkitekt Frederik Meldahl som ut frå det gjenverande skapte ei kyrkje inspirert av Peterskyrkja i Roma.

Referansar

  1. Kirkehistorie.dk
  2. Rids af Marmorkirkens historie Arkivert 2012-04-25 ved Wayback Machine. frå Marmorkyrkjas heimeside
  3. Frederiksstaden frå Dansk Arkitektur Center
  4. Nicolai EigtvedKunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon
  5. Frederiksstaden Arkivert 2013-12-19 ved Wayback Machine. frå Jens Fleischer: København. Kulturhistoriek opslagsbog med turforslag
  6. 6,0 6,1 Marmorkirken frå Dansk Arkitektur Center