Morgen

Om tida på dagen, sjå morgon

Ein morgen, morgan eller og mari-morgen er eit bretonsk eller walisisk vette i kvendeskapnad, oftast knytt til havet (mor tyder 'hav'). Segner om desse finst og i Bretagne. Dei svarar til våre havfruer, og er kjende for å drukne sjømenn og andre som kjem bort på sjøen, eller å bortføra dei ned i havet og gifta seg med dei. Dei fekk og skulda for flaumar som øydela avlingar eller landsbyar, og stormar på havet. I segna om byen Ys er det kongedottera Dahud som fløymer byen, og ho vert omskapt til ein morgen etter dette.

Morgen er æveleg ung, og er ofte sett på havsbarden der ho sit på stranda og kammar håret sitt. Den eldste kjelda til nemninga er i Vita Merlini av Geoffrey of Monmouth, der herskaren av Avalon er omtalt som «Morgen». I segnene om kong Arthur er Morgen eit av namna på The Lady of the Lake (havfrua). I desse segnene meiner mange ein og finn opphavet til forteljinga om Morgana le fay/Morgaine.

Kjelder

  1. Sébillot, Paul (1904). Le Folk-lore de France, s. 34-36
  2. Franklin, Anna (2002) The Illustrated Encyclopaedia Of Fairies Vega, London, s. 182.
  3. The Celtic Review, Volume 3. Willaim Hodge & Company (1907). s. 344.
  4. Rhys, John (1891) Studies in the Arthurian Legend Clarendon Press, Oxford, s. 348.
  5. Sykes, Egerton and Kendall, Alan (2002 ed.) Who's Who in Non-Classical Mythology Routledge, New York, s. 132.