Museum

Louvre i Paris er eit stort og kjend museum som syner fram kunst- og kulturskattar frå fleire land og frå mange århundre.

Museum er institusjonar som samlar og syner fram kulturskattar og andre ting me kan læra av eller berre har glede av å sjå, både slikt som menneske har laga i gamal og ny tid, og døme på det som finst i naturen. Det er soleis museum med samlingar av geologiske stein- og mineralprøver, fossil, arkeologiske funn, ny og gamal målarkunst og skulptur, gamle bygningar og heile gardstun, båtar og skip og så bortetter. Dei fleste musea er meir eller mindre sterkt spesialiserte.

Ein definisjon vedteken av ICOM (International Council of Museums eller 'Det internasjonale museumsrådet') på generalforsamlinga i København i 1974 seier at eit museum er «ein ikkje-kommersiell varig institusjon som skal tena samfunnet og samfunnsutviklinga; som er open for publikum; som samlar inn, vernar, forskar i, formidlar og stiller ut materielle vitnesbyrd om menneska og deira omgjevnader for studie-, utdannings- og underhaldningsføremål».

Sjå òg