Neuschwanstein slott (tysk Schloß Neuschwanstein, 'nye svanestein slott') ligg i Tyskland, nær Hohenschwangau og Füssen i Sørvest-Bayern, ikkje langt frå den austerrikske grensa. Det er ein av dei mest fotograferte bygningane i Tyskland, og er eit populært turistmål.
Ludwig II, konge over Bayern, var mannen bak slottet. Før han tok til, skreiv han til Richard Wagner, som han ovundra høgt:
Grunnsteinen til Neuschwanstein vart lagd den 5 september 1869, inngangspartiet vart bygd fyrst, og Ludwig II budde der i fleire år. Då Ludwig II døydde i 1886, var Neuschwanstein enno ikkje ferdig, arbeidet stogga mest opp, og ikkje før i 1891 vart ein enklare versjon av den øvste gardsplassen ferdig. Det fullførte Neuschwanstein har 360 rom, der berre 14 vart ferdige før Ludwig II døydde.
Sju veker etter at Ludwig II døydde i 1886 vart Neuschwanstein opna for ålmenta. Den folkesky kongen hadde bygd slottet for å trekkje seg attende frå det offentlege livet, og no kom store folkemengder for å sjå den private tilfluktsstaden hans.
Kvart år gjestar over 1,3 millionar menneske Neuschwanstein, og om lag 6000 personar kjem kvar dag om sumaren for å sjå romma der «eventyrkongen» budde. Slottet var ein inspirasjon for «torneroseslottet» i Disneyland.
Slottet er ått av staten Bayern. Sidan 1990 har staten brukt rundt 11,2 millionar euro på renovasjon og vedlikehald av slottet.