Pyralidar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Orden: | Sommarfuglar Lepidoptera |
Infraorden: | Heteroneura |
Overfamilie: | Pyraloidea |
Familie: | Pyralidar Pyralidae Latreille, 1809 |
Pyralidar (Pyralidae) er ein insektfamilie i sommarfuglordenen. Han inneheld sommarfuglar, eller møllar, med smale framvenger og breie, trekanta bakvenger, hovudsakleg i fargane grått, brunt og gult. Dei har vengespenn på mellom 15 og 30 mm. Dei to fremste ribbene i bakvengene er samanvaksne, noko som er eit viktig kjenneteikn for gruppa. Beina deira har torner og er nokså lange. Høyreorgana sit på bakkroppen.
Dei fleste pyralidane har lita tyding for menneske. Nokre av dei kan vera skadedyr for visse plantar og planteprodukt, som bartreborkmøll, daddelmøll, grankonglemøll, kakaomøll, kålpyralide, stikkelsbærpyralide og voksmøll. Ein del typar blir avla fram som fôr til husdyr som reptilar og fuglar. Dei blir også brukt som åte til fiske.
Ein reknar vanlegvis med fem underfamiliar innan Pyralidaei dag. Ei gruppe, Acentropinae (eller Nymphulinae), som tidlegare blei rekna med i familien, blir somme tider framleis plassert her.
Ein del slekter er ikkje plasserte inn i dette systemet. Nokre av dei høyrer truleg inn i andre grupper som Crambidae eller Obtectomera. Andre kan vera synonym for allereie plasserte grupper.
|
|