Sjeldne jordartar

Sjeldne jordartar, ofte forkorta REE av det engelske rare earth elements, er eit samleomgrep for inntil 17 ulike grunnstoff og vert nokre gonger òg nytta om minerala dei dannar. Særleg omfattast grunnstoffa 21 scandium, 39 yttrium og lantanoidane: 57 lantan til 71 lutetium. Sjeldne jordartar er svært kompatible med bergartsdannande mineral, og iona deira er derfor nokre av dei siste som krystalliserer i residualsmelten. Då dei samstundes er radioaktive, vil denne fraksjoneringa skape lokal oppvarming. Stoffa vert nytta i produksjonen av bilar og fleire forbruksvarer.

Folkerepublikken Kina stod i 2011 for inntil 97 prosent av verdsproduksjonen av fleire av dei sjeldne jordartane, men det er samstundes store reservar av slike råstoff i Noreg. I 2010 innførte den kinesiske regjeringa eksportrestriksjonar og utførselen av sjeldne jordartar fall med 40 prosent. Dette medførte ein tidobling av prisane på verdsmarknaden frå 2009 til 2010, og er truleg motivert i kinesisk ønske om å tiltrekke seg industriproduksjon som er avhengig av desse råvarene. Året etter avga WTO ein foreløpig dom om at det kinesiske eksportrestriksjonen braut med pliktene til landet som WTO-medlem, etter klagemål frå USA, EU og Mexico. I 2012 gjekk òg Japan med i ei formell stemning av Kina for WTO, som midt i mars fekk ein seksti dagars frist til å imøtegå skuldingane.

månen inngår dei sjeldne jordarane i KREEP, som er eit akronym for bestanddelane K, REE og P.

Liste over sjeldne jordarar

Atomnummer Namn Etymologi
21 Scandium latin Scandia; Skandinavia
39 Yttrium etter Ytterby gruve i Sverige
57 Lantan gresk lanthanon; «eg er gøymd»
58 Cerium etter den romerske fruktbarhetsgudinna Ceres
59 Praseodymium gresk praso; «porregrøn» tvilling
60 Neodymium gresk neo; «ny» tvilling
61 Promethium etter Prometheus som gav menneska elda i gåve
62 Samarium Vasilij Samarskij-Bykhovets oppdaga den sjeldne jordartsmalmen samarskit.
63 Europium Demarcay isolerte grunnstoffet og oppkalla det etter Europa
64 Gadolinium etter Johan Gadolin (1760-1852) fordi han undersøkte sjeldne jordartar
65 Terbium etter Ytterby gruve i Sverige
66 Dysprosium gresk dysprositos; «vanskeleg å få tak i»
67 Holmium latinsk Holmia; Stockholm.
68 Erbium etter Ytterby gruve i Sverige
69 Thulium etter det mytiske landet Thule.
70 Ytterbium etter Ytterby gruve i Sverige
71 Lutetium latinsk Lutetia, det romerske namnet på Paris.

Kjelder

  1. Redigert av N.G. Connelly og T. Damhus (med R.M. Hartshorn og A.T. Hutton), red. (2005). Nomenclature of Inorganic Chemistry: IUPAC Recommendations 2005 (PDF). Cambridge: RSC Publ. ISBN 0-85404-438-8. Arkivert frå originalen (PDF) 27. mai 2008. Henta 8. august 2014. 
  2. 2,0 2,1 «Norge kan tjene på konflikt» – Aftenposten 15. mars 2012, side 6.