Eit vasskilje er ei grense mellom to nedslagsfelt. I eit ås- eller fjellandskap ligg skilje på toppane og ryggane av fjella og åsane, men i flate område eller på høge platå (særleg i myrlendte område) kan skilje vere usynleg.
Vasskilje er viktige geografiske, og ofte òg politiske grenser. Vegar og jernbanelinjer følgjer ofte desse skilja for å minimere stigningsgraden og behovet for bruer.
Vasskilje kan delast inn i tre typar:
Vasskilje er eit hinder for elvefart. I førindustriell tid vart vasskilja kryssa ved at ein bar båtane over land ved visse stader . Seinare vart det bygd kanalar for å binde saman tilstøytande nedslagsfelt.