Ziggy Stardust: The Motion Picture Konsertalbum av David Bowie | ||
Utgjeve | Oktober 1983 1. april 2003 ((nyutgjeving) | |
Innspelt | 3. juli 1973 | |
Spelestad | Hammersmith Odeon i London | |
Sjanger | ||
Lengd | 69:31 83:33 (2003-utgåva) | |
Selskap | RCA | |
Produsent |
| |
David Bowie-kronologi | ||
---|---|---|
Golden Years (1983) |
Ziggy Stardust: The Motion Picture | Fame and Fashion (1984) |
David Bowie-konsertalbum-kronologi | ||
Stage (1978) |
Ziggy Stardust: The Motion Picture | Santa Monica '72 (1994) |
Singlar frå Ziggy Stardust: The Motion Picture | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | |
The Encyclopedia of Popular Music | |
MusicHound | 3/5 |
Pitchfork Media | 7.6/10 |
Ziggy Stardust: The Motion Picture er eit konsertalbum av den engelske musikaren David Bowie, gjeve ut i oktober 1983 samstundes med filmen med same namn. Musikken vart spelt inn under Ziggy Stardust-turneen i Hammersmith Odeon i London den 3. juli 1973, men albumet vart ikkje gjeven ut av RCA Records før 1983. Før dette hadde albumet eksistert som piratopptaket His Masters Voice – Bowie and the Spiders From Mars' Last Stand.
Albumet dokumenterer den siste konserten Bowie spelt som Ziggy Stardust-rolla. Like før den siste songen annonserer han «ikkje berre er dette den siste konserten på turneen, men det er den siste konserten me gjer nokon gong. Tusen takk». Mange i publikum trudde det var Bowie sjølv som gav seg.
D. A. Pennebaker filma konserten og RCA spelte han inn for å gje det ut som eit konsertalbum. Prosjektet vart derimot lagt på hylla av forskjellige årsaker. Mellom anna gjekk det rykte om at Bowie sjølv ønskte å forlate Ziggy, og at kvaliteten på opptaka var dårleg. Dei tenkte seg at RCA truleg ville gje ut materialet før eller seinare, så Bowie og produsent Tony Visconti miksa innspelingane i 1981. Denne miksen har fått mykje kritikk, sjølv om Visconti kalla det «meir ein redningsjobb enn eit kunstnarverk» med tanke på tilstanden til råmaterialet.
Albumet kom til slutt ut i oktober 1983 som ein dobbel-LP. På grunn av plassmangel på LP-formatet, vart fleire songar tekne bort, forkorta eller skyfla om på. «White Light/White Heat» vart gjeven ut på singel i november.
Ziggy Stardust: The Motion Picture har vorte gjeven ut på CD to gonger. Den første var 7. august 1983 av Rykodisc og den andre i april 2003 av EMI/Virgin som 30th Anniversary 2CD Set, med ekstra songar, introduksjonar, sceneprat og den komplette versjonen av «The Width of a Circle». «Changes» vart òg sett inn på rett plass i høve til slik konserten vart spelt etterfølgd av «Moonage Daydream».
I 2003 vart musikken gjeven ut med ein Visconti-miks, som vart rekna som ei stor betring i høve til originalen. Nesten heile konserten vart gjenoppretta utanom om ekstranummera «The Jean Genie/Love Me Do» og «Round and Round» i lag med Jeff Beck. At framføringa til Beck ikkje er med er sagt å vere av honorar-årsaker eller til kjensla til gitaristen. I følgje Tony Visconti passa han ikkje inn i filmen.
Alle songar er skrivne av David Bowie.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Hang on to Yourself» | 2:55 | |
2. | «Ziggy Stardust» | 3:09 | |
3. | «Watch That Man» | 4:10 | |
4. | «Wild Eyed Boy from Freecloud» | 3:17 | |
5. | «All the Young Dudes/Oh! You Pretty Things» | 3:18 | |
6. | «Moonage Daydream» | 6:17 | |
7. | «Space Oddity» | 4:49 | |
8. | «My Death» | Jacques Brel, Mort Shuman | 5:45 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
9. | «Cracked Actor» | 2:52 | |
10. | «Time» | 5:12 | |
11. | «Width of a Circle» | 9:35 | |
12. | «Changes» | 3:35 | |
13. | «Let's Spend the Night Together» | Mick Jagger, Keith Richards | 3:09 |
14. | «Suffragette City» | 3:02 | |
15. | «White Light/White Heat» | Lou Reed | 4:06 |
16. | «Rock 'n' Roll Suicide» | 4:20 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Intro (med Beethovens niande symfoni arrangert og spelt av Wendy Carlos)» | Ludwig van Beethoven | 1:05 |
2. | «Hang on to Yourself» | 2:55 | |
3. | «Ziggy Stardust» | 3:19 | |
4. | «Watch That Man» | 4:14 | |
5. | «Wild Eyed Boy from Freecloud» | 3:15 | |
6. | «All the Young Dudes» | 1:38 | |
7. | «Oh! You Pretty Things» | 1:46 | |
8. | «Moonage Daydream» | 6:25 | |
9. | «Changes» | 3:36 | |
10. | «Space Oddity» | 5:05 | |
11. | «My Death» | Brel, Shuman | 7:20 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Intro (med Vilhelm Tell-overturen)» | Gioacchino Rossini | 1:01 |
2. | «Cracked Actor» | 3:03 | |
3. | «Time» | 5:31 | |
4. | «The Width of a Circle» | 15:45 | |
5. | «Let's Spend the Night Together» | Jagger, Richards | 3:02 |
6. | «Suffragette City» | 4:32 | |
7. | «White Light/White Heat» | Reed | 4:01 |
8. | «Farewell Speech» | 0:39 | |
9. | «Rock 'n' Roll Suicide» | 5:17 |
Teknisk
Liste (1983/84) | Plassering |
---|---|
Australian (Kent Music Report) | 67 |
UK Albums Chart | 17 |
Billboard Pop Albums | 89 |